nyhende

Energiminister Terje Aasland (Ap) åtvarar om at det kan bli høge straumprisar i vinter og ber bedriftene orientere seg om moglegheitene for å sikre seg.

Aasland åtvarar om høge straum­prisar - ber bedriftene sikre seg

Med straumprisar opp mot 8 kroner per kilowattime i vinter og utover våren, oppmodar energiminister Terje Aasland (Ap) bedrifter til å bruke fastprisavtalar og andre ordningar for å sikre seg.

Publisert

– Det kan bli veldig høge prisar i vinter og gjennom våren òg. Og det bør næringslivet vere førebudd på, seier Aasland til NTB.

Høge straumprisar kan gi ein tøff vinter for bedrifter som ikkje har sikra seg mot prissvingingar. Energiministeren seier det er umogleg å føreseie kva straumprisane blir, men viser til at regjeringa i fleire år har anbefalt næringslivet å teikne fastprisavtalar.

– Dei må som sagt utforske moglegheitene for å sikre seg i dei fastprisavtalane som er, eller i andre sikringsmekanismar. Veldig mange har gjort det og mange av dei er veldig godt fornøgde. Så det er mitt råd til dei, seier han.

Kan bli ekstreme prisar

Kraftanalytikar Tor Reier Lilleholt i Volue sa tysdag til Finansavisen at norske straumkundar kan få prisar på rundt 6 kroner per kilowattime (kWt) dersom vinteren blir som i 2025. Med moms og nettleige kan prisen då bli rundt 7 til 8 kroner per kilowattime i vekevis, ifølgje anslaget.

Lilleholt viser til at ein kombinasjon av sprengkulde, frose tilsig, lite vindkraft og bortfall av kjernekraft kan gi ekstreme prisar. Han åtvarar om at låge vassmagasin kan føre til eksplosive prisar i mars eller april.

Privatkundar med noregspris er skjerma for høge marknadsprisar innanfor den månadlege kvoten på 5000 kWt. Ifølgje Finansavisen bør derimot hytteeigarar passe på, for sjølv med noregspris er kvoten for fritidsbustader berre 1000 kWt.

Vil ikkje la staten ta rekninga

Bedriftene har ikkje tilgang på noregspris, men må belage seg på andre avtalar eller spotprisane i marknaden. Det siste kan bli svært dyrt dei kommande månadene.

Aasland meiner det ikkje kan vere slik at staten skal bere forsikringsansvaret for straumutgiftene til bedriftene. Regjeringa prøver i staden å leggje til rette for verktøy som næringslivet kan bruke til å sikre seg, seier han.

På spørsmål om straumrekninga for staten, som jo må dekkje mellomlegget mellom ein noregspris som truleg vil bli 45 øre per kWt, og marknadsprisen, viser han til at staten også får auka inntekter når prisane er høge.

– Så eg er ikkje bekymra for statens ve og vel i den samanhengen, seier han.

Powered by Labrador CMS