nyhende
Agnes Ravatn nest best i landet til å tippa VM
Måndag føremiddag er det berre profilnamnet viljarbf som har fleire poeng enn Ravatn på VG sin VM-profeten.
Han har 30 poeng, medan Ravatn ligg like bak med 29. Det er ganske imponerande med tanke på at det er 261.000 deltakarar (så langt) med i VM-profeten.
Det siste døgnet har ho truffe blink på tre kampar: Brasil-Marokko 1-1, Haiti-Skottland 0-1 og Australia-Tyrkia 2-0. Det er full pott og 12 poeng. Fredag gjekk også to av kampane hennar inn.
Har laga fotballpub på låven
Vestavind har ikkje fått fatt i Ravatn, men til VG fortel ho at ho følger VM tett, og at det er stort å vera på toppen av VM-profeten.
– Eg har investert i prosjektor og lerret og har laga fotballpub på låven vår. Den er open for alle små og store i bygda, seier den fotballinteresserte forfattaren til VG.
For tidleg toppform?
Måndag kveld fekk Vestavind ein liten prat med Ravatn over telefon.
– Det er stor stas å vera på toppen av lista, og det gjeld å nyta det så lenge eg kan. Det er mange kampar igjen, så eg reknar ikkje med at eg blir verande der. Eg har kanskje toppa formen litt for tidleg, seier ho og ler.