nyhende

Avdelingsleiar Linn Vågeng på lageret der produkta blir samla etter kvart som dei er i produksjon og finpuss.

Aktivitets­huset gir brukarane meinings­­fullt arbeid

Tennbrikettar er storseljaren, men Aktivitetshuset i Leitevegen finn stadig nye ting å produsera for sal. Lysestakane deira blir til dømes gitt til brudepar og ambassadørar.

Publisert

Aktvitetshuset er eit aktvitetstilbod til personar med funksjonsvariasjonar og utviklingshemming. Det er todelt med aktvitetar og tilrettelagt arbeid inne og ei utegruppe som har ulike praktiske gjeremål. Som faste oppdrag for Sveio golfpark.

– Når det er fullt hus på dagtilbodet har me 15 brukarar innom frå heile Sveio. Dei har ulike funksjonsnedsettingar, og dei arbeider ut frå det dei klarar den dagen. Felles for alle er at det å vera i eit felleskap og bidra med arbeid gir meining og meistringskjensle, seier avdelingsleiar Linn Vågeng.

Populære tennbrikettar

Tennbrikettar er det dei sel mest av. Dei er så populære at lageret rett som det er blir tomt. Dei produserer også ulike figurar som sel bra. Eit sett med lysestakar har blitt populære i seinare tid. Der har Sveio kommune kjøpt inn ein del sett som blir gitt som gåve. Mellom anna til brudepar, og no sist til den filippinske ambassadøren som var på besøk.

Sveio kommune har kjøpt inn ein del sett med lysestakar som mellom anna blir gitt til brudepar. Dei får også handlaga kort.

– Til brudepara lagar me også kort. Kvart enkelt er unikt, og det er litt krevjande puslearbeid med dei. Her har me tenkt på at ikkje alle som giftar seg er mann og kvinne, og me lagar kort med både kvinne og kvinne og mann og mann, fortel Vågeng.

Salsutstilling på kommunehuset

Ordførar André Mundal Haukås er imponert over kva brukarane får til.

– Dei er veldig kreative. Når kommunen gir gåver produsert på Aktvitetshuset, legg me ved eit kort som fortel om korleis gåva er produsert. Og det gir oss også høve til å fortelja om det flotte arbeidet som blir gjort på Aktivitetshuset. For at fleire skal få augene opp for produkta deira, har me ei salsutstilling i resepsjonen på kommunehuset, fortel Haukås.

Stadig nye produkt

Produkta har fram til no blitt laga i resin som blir blanda og fylt i silikonformer. Dette er ein gips som ser ut som stein og toler vatn, men er ganske kostbar. No skal dei testa ut ein type betong som kostar langt mindre. 

Eit utval av det som blir produsert på Aktivitetshuset. Ei søt elefantpotte er eit av dei ny produkta, og nisse- og juletreproduksjonen er alt i gong.

– Me prøve stadig ut nye produkt. Det siste er ein elefant som også er ei potte. Og me er i gong med nissar og juletre for å ligga i forkant fram mot jul. Me tar gjerne imot bestillingar, men ikkje med tidsfrist. Produksjonskapasiteten varierer mellom anna med dagsformen til brukarane og kor mange som kjem, seier Vågeng.

Treng dorullar og stearinlys

Tennbrikettar blir det produsert mest av. Her er produksjonen todelt.

– Først blir dorullkjerner stappa med makulert papir. Deretter blir dei flytta til vokserommet der dei blir dyppa i smelta stearin. Når dei har størkna, blir dei delt i passe lengder, fortel Vågeng.


– Kvar får de papir og voks frå?

– Det makulerte papiret kjem frå kommunen, og tilsette og pårørande samlar dorullar og stearinlys. Me får også noko frå andre, men treng meir om me skal klara å produsera nok til etterspurnaden. Så me tar gjerne imot frå alle som vil bidra. Berre ring oss først og avtal levering, seier avdelingsleiaren.

Aktivietshuset har også salsutstilling på Sveio omsorgssenter, og Kiwi har utsal for tennbrikettane.

Ekspert på peggar

Då Vestavind stakk innom utegruppa, var Andreas Eileraas på jobb saman med arbeidsleiar Ivar Teigland. Gatoren som sto utanfor den store garasjeporten var full av ein blanding med sand og gras. Det blir brukt til å fylla på slitte område på greenen.

Andreas synes den kjekkaste jobben i golfparken er å rydda buskar og tre. Då finn han også mange golfballar.

– Dei samlar eg opp og vaskar. Så kan dei seljast igjen. Og så plukkar eg peggar på greenen med eit spesialverktøy. Der er eg ekspert, fortel han og viser fram ei imponerande samling.

Ein peg er pluggen som blir stukke ned i graset og golfballen lagt oppå.

– Eg vaskar dei og sorterer dei etter fargar og mønster. Favoritten er dei med blå striper, fortel han.

Har eit ønske

Vedproduksjon er ein del av utegruppa sitt arbeid. Denne dagen har dei henta inn eit lass med greiner og stammer frå ryddejobben i golfparken. Dei skal kappast i rett lengde og puttast i 60-literssekkar. Dei rimelege vedsekkane går unna heile året, og innimellom er lageret heilt tomt.

Andreas stortrivst på jobben, men har lenge snakka om noko som kan gjera arbeidet litt lettare:

– Eg ønsker meg ei hydraulisk greinsaks. Då kan eg klara enno fleire greiner.


Aktvititetshuset i Leitevegen gir meiningsfylt arbeid til brukarar frå heile Sveio.











Powered by Labrador CMS