nyhende
Ålfjordvegen blir midlertidig stengt torsdag
Vegtrafikksentralen melder at Ålfjordvegen blir midlertidig stengt ein periode torsdag 19. november.
Det er Telenor som skal skifta ut ei straum- og fibermast for å oppretthalda straum- og fiberinfrastrukturen i området. Arbeidet vil pågå i området ved Ålfjordvegen 36, altså ganske nært Førde sentrum.
Vegen vil bli stengt i periodar på inntil ei time mellom klokka 09.00 og 13.00 torsdag. Om du ikkje har god tid til å venta, er det anbefalt å køyra om Vågavegen i denne perioden.
Får nødetatane behov for å bruka vegen, varslar dei på førehand. Då kan vegen ryddast slik at dei kjem fram utan forseinkingar.