nyhende

Det kan vera lurt å køyra om Vågavegen i perioden arbeidet pågår. Då slepp du ventetid.

Ålfjordvegen blir midletidig stengt torsdag

Vegtrafikksentralen melder at Ålfjordvegen blir midlertidig stengt ein periode torsdag 19. november. 

Publisert

Det er Telenor som skal skifta ut ei straum- og fibermast for å oppretthalda straum- og fiberinfrastrukturen i området. Arbeidet vil pågå i området ved Ålfjordvegen 36, altså ganske nært Førde sentrum.

Vegen vil bli stengt i periodar på inntil ei time mellom klokka 09.00 og 13.00 torsdag. Om du ikkje har god tid til å venta, er det anbefalt å køyra om Vågavegen i denne perioden.

Får nødetatane behov for å bruka vegen, varslar dei på førehand. Då kan vegen ryddast slik at dei kjem fram utan forseinkingar.

Powered by Labrador CMS