nyhende

Kva dag som helst no, så rasar heile huset saman, står det om dette huset på Oma ved Kvam i Vestland fylke.

Alle tomme hus har ei historie

I årevis har fotograf Marita Aarekol leita etter forlatne heimar på Vestlandet. No har forfattar Marit Eikemo skrive historiene til nokre av folka som budde der. Det har resultert i boka «Husdraumar», som gir ny innsikt i kvifor hus blir ståande til nedfalls.

Publisert

Over 200.000 bustader står tomme her i landet, mange i grisgrendte strøk.

– I byrjinga syntest vi det var forferdeleg at folk kunne la hus forfalle på denne måten. Etter kvart erfarte vi at kvart einaste av desse husa skjuler si heilt spesielle historie, som forklarer kvifor det har gått som det har gått. Det er ofte mørke forteljingar om sjukdom, arv, konfliktar, ulykker og brå dødsfall, men hus blir også forlatne på grunn av klima- og naturkatastrofar, seier Marit Eikemo til Nynorsk pressekontor.

Ideen til «Husdraumar» starta med gardiner. Marita Aarekol, som i mange år arbeidde som fotograf i Bergens Tidende, reiste mykje rundt på Vestlandet. Ho la merke til gardiner som framleis hang i hus der det såg ut til at ingen budde.

Forfattar Marit Eikemo og fotograf Marita Aarekol.

– Eg begynte å ta bilde av gardiner i forlatne hus. Sjølv om ingen budde der, hang gardinene igjen, seier Aarekol.

Så byrja ho å fotografere dei mest openbert fråflytta husa. Etter kvart oppretta ho ein Instagram-konto for prosjektet sitt.

Vanskeleg å finne forlatne hus

Eikemo kjende Aarekol frå før og fekk høyre om dette. Ho meinte det kunne bli bok av ideen. Forlaget vart interessert, og Eikemo blei spurd om å skrive tekstane. I løpet av det siste året har dei funne fleire hus saman, og Eikemo har oppsøkt nokre av husa i ettertid.

– Det er ikkje enkelt å finne forlatne hus. Det finst ikkje noko register som viser kvar dei står. Ein må leite langs vegar, leggje merke til bygningar og snakke med folk i området, seier Aarekol.

Ein gong budde Nils Sandøy med familie i dette huset på Sandøy i Ålesund kommune. Den siste tinglysinga er frå 1985: «Forkjøpsrett ved sal for personar i rett nedstigande linje etter Nils Sandøy», står det i boka «Husdraumar».

– Ofte har ikkje folk lagt merke til det tomme huset rett ved sida av seg heller, seier Eikemo.

Til saman har det blitt 40 hus frå heile Vestlandet og forteljingane om dei.

Felles for dei tomme husværa er at dei framleis ber spor av at nokon har pynta og stelt for å lage ein god heim for seg og sine, som vi alle gjer der vi bur, men så har noko skjedd og alt er blitt forlate.

– Vi prøver å finne ut kva som har skjedd. Det har vore eit omfattande arbeid. Nokre gonger finst det god dokumentasjon i bygdebøker og digitale arkiv, mens nokre hus har vi berre hatt gards- og bruksnummer å ta utgangspunkt i. Dersom huseigaren framleis levde, tok vi kontakt. Elles snakka vi med naboar og slektningar. Nokre gonger fann vi svar. Andre gonger ikkje.

Eigarane av dette huset i Orre i Rogaland har fått nok og fått løyve av kommunen til å rive det gjengrodde huset, som har stått tomt sidan ho som budde der sist døydde.

Fleire grunnar

Det som først kan sjå ut som vanstell eller likegyldigheit, har ofte ei meir samansett forklaring.

I tillegg til sjukdom, arv, konfliktar, ulykker, brå dødsfall og klima- eller naturkatastrofar, står hus tomme fordi det ikkje var arvingar som kunne eller ville ta over.

– Dette gjeld ofte småbruk og gamle husmannsplassar, seier Eikemo.

Mange barnlause søsken budde saman i slike hus, og det sikra dei økonomisk så lenge dei levde, men då dei døydde, kom det ingen etter dei og eigedomen blei berre ståande. Samstundes kan det vere vanskeleg å selje ein eigedom som har vore i familien gjennom fleire generasjonar.

Det er fort gjort å bli forarga over korleis det ser ut rundt nokre av husa, til dømes rundt huset til ein skraphandlar ved Malmefjorden, der gamle bilvrak har fått hope seg opp på inn- og utmark gjennom fleire tiår.

Her budde Lars Vassenden, fødd 1879, ved Vassenden i Gloppen. Foreldra fekk ikkje andre barn, og Lars var ikkje heilt som andre heller. I folketeljinga av 1920 er det han som er oppført som gardbrukar. Framleis blir huset kalla «Oppi JakobLars».

– Sanninga er at her budde ein mann med stor lidenskap og kjærleik for både bilar og folk, her fekk ungdommar komme og lære seg å skru, og han hadde alltid ein bildel å selje til dei som trong det. Men tida gjekk frå han med strenge krav til sikkerheit og miljø og meir kompliserte bilar tok over marknaden, fortel Aarekol.

Andre historier er langt mørkare. I eitt av husa blei ein mann drepen i 2013. Då Aarekol og Eikemo kom inn i huset, var det framleis ein åstad. For familien er huset eit traume. Då Kripos omsider frigjorde huset, etter omfattande tekniske undersøkingar, var det lekkasje i huset og forfallet fekk dermed utvikle seg vidare. Familien har, forståeleg nok, ikkje klart å ta tak i det.

Det er særleg småbruka som går igjen i boka, og mange av dei er blitt reist ifrå fordi dei er veglause eller har bratt og kronglete tilkomst. For mange har nettopp dette stor verdi i dag, og er ein draum for folk som ønskjer nærleik til naturen.

Under bergfallet

Mange av husa ligg i område der menneska gjennom generasjonar har måtta tilpasse seg naturen. Rasfare og flaum er ein del av historia til fleire av stadene.

Frå gamlehuset på Andreasbruket ved Ulstein på Møre.

Eikemo peikar på at det å bu tett på fjellet og leve med rasfare er ein del av den vestlandske historia, som også pregar folka som lever her.

– Vestlendingar har alltid måtta forhalde seg til naturen. Eitt døme i boka er eit hus i Mundheimsdalen, der dei som budde der måtte flytte på grunn av ras. Eit anna døme er frå Eidfjord, der folka bygde huset tett inntil ein diger stein frå eit eldgammalt ras – for å verne seg mot framtidige katastrofar.

Både Marit Eikemo og Marita Aarekol meiner at det mest givande med bokarbeidet deira har vore å løfte fram minne og forteljingar om menneske som er i ferd med å forsvinne ut av det kollektive minnet, folk som har levd og arbeidd ei stund på denne jorda, og som alle bidreg til den store forteljinga om kven vi har vore og kven vi er blitt.

Powered by Labrador CMS