nyhende
Årets dyraste straum på torsdag
Straumprisane torsdag blir dei høgaste hittil i år over heile landet.
Det viser straumbørsen Nord Pool, ifølgje E24.
Sør-Noreg får ein snittpris på 3 kroner kilowattimen, medan prisen blir like under 3 kroner i Midt- og Nord-Noreg. Dette er ikkje medrekna nettleige, avgifter og straumstøtte.
Straumstøtte og noregspris gjer at hushalda blir ramma i mindre grad. Men for bedrifter kan straumrekninga bli skyhøg.
Dagleg leiar Tone Østbø i bedrifta Renseriet i Sandnes har sett ein auke på rundt 100.000 kroner på straumrekninga i år.
– Vi må jobbe for å spare inn på andre delar av drifta. Vi har måtta spare inn på stillingar, seier ho.
Selskapet har rundt 50 tilsette. Ifølgje Østbø har nokre av dei måtta gå ned i stilling.
Johan Filip Karlsson driv bakeriet Berre Brød på Gjøvik. Førre straumrekning var på rundt 30.000 kroner, den neste anslår Karlsson å bli rundt 50.000 kroner, seier Karlsson til TV 2.
– Vi må nok vri på krona her. Eg trur bemanninga må forsakast litt. Eg må nok jobbe mykje meir, og så må vi ha nokon som ikkje jobbar. Det kan vere løysinga, seier han.