nyhende

Arne Torget på ei bru ved ei småbåthamn, med båtar og trehus i bakgrunnen.
Forfattar og stuntpoet Arne Torget kjem på besøk til Sveio og senioruniversitetet

Arne Torget er siste mann ut

Sveio senioruniversitet avlsuttar årets arrangement med ein rimsmed frå Kvinnherad.

Publisert

Måndag 16. november kjem Arne Torget til Vigdartun med sin særeigne stil og nynorske penn. Husnesingen er både stuntpoet, rimsmed og forfattar. Dikta hans spenner frå kvardagskomikk til samfunnskritikk, ofte med katten Pus som inspirasjonskjelde.

Torget har vore aktiv i over 30 år, og du har kanskje sett han i Linda Eides språksjov og på Norske Talenter.

– Me gler oss til å få Torget på besøk. Han er lokal, og har eit språk og innhald som treff folk, seier styremedlem Astrid Hovda.

Sveio senioruniversitet sine arrangement er opne for alle, og ho håper mange finn vegen til ein triveleg kveld der det også er mogeleg å få seg ein kopp kaffi og noko å bita i. 

– Alle er velkomne til oss, og me sjekkar ikkje fødselsattesten ved inngangen, lovar Hovda.

Powered by Labrador CMS