nyhende
Åse Vikse stiller ut grafikk i Valestrand kulturkyrkje
Under årets «Open Kulturkyrkje 2026» i Valestrand kulturkyrkje har grafikar og sveibu Åse Vikse kunstutstilling.
Utstillinga «Flytande vending» er open frå 7. til 30. juli, og utforskar spenninga mellom det konstruerte, handfaste og det flytande.
Vatnet, som flyt nær arkitekt Ole Vangberg sine ti kyrkjebygg, fungerer som ein metafor for det livgjevande og det forgjengelege. Samstundes deler det eigenskapar med grafikken ved at det speglar omgjevnadane sine.
Utvikling av kulturkyrkja
Dette leier tilbake til kulturkyrkja, og spørsmålet om ho skil seg frå dei andre ni ved i større grad å spegla omgjevnadane. Utstillinga tar for seg korleis kulturkyrkja har utvikla seg frå ein tradisjonell religiøs institusjon til ein meir inkluderande arena for kunst, kultur og tru.
Gjennom sitt arbeid med grafikken ser Vikse på kulturkyrkja både som konstruksjon og institusjon. Ho ser på utsmykking, dekor og himmelretning gjennom det alle må passera for å koma inn i det heilage: inngangspartiet.
Ser på det særskilde
Mange ser på på desse einsarta, kvite trekyrkjene som den typiske kyrkjebygningen i Noreg. Vikse ser nærare på det særskilde ved kyrkjene, det som er deira eige og gjer kvar einskild unik.
Ved å nytta treemne funne i Sveio som trykkplater, blir historie, landskap og materiala sine stille historiar foreina og overførte til papir. Slik blir grafikken eit avtrykk av omgjevnadane, og vitnar om gjensyn og stadkjensle.