nyhende
Auka bekymring for kriminelle barn og unge i barnevernet
Eit fleirtal av dei tilsette i barnevernet seier dei i aukande grad er bekymra for kriminalitet blant barna dei har ansvar for, men mange manglar kompetanse til å møte utfordringane.
Det kjem fram av rapporten «Barnevernsbarometeret» som Barne- og familiedirektoratet (Bufdir) la fram torsdag.
Klassekampen omtalte funna først.
I rapporten har 1900 leiarar og tilsette i barnevernet svart på spørsmål om eigen sektor. Over halvparten av dei seier dei no er meir bekymra for kriminalitet blant barna enn det dei var for tre år sidan.
Halvparten av institusjonsleiarane seier at dei har sett ein auke i talet på barn som enten har gjort eller risikerer å gjere seg skuldig i lovbrot.
Manglar kompetanse
Samtidig meiner berre 43 prosent av leiarane at tenesta deira har kompetanse på området, og ein av tre tilsette svarer at dei sjølv har liten eller svært liten kompetanse om ungdomskriminalitet.
Det er heller ikkje slik at kvar enkelt institusjon får vite at barnet tidlegare har gjort seg skuldig i lovbrot. 20 prosent av leiarane svarer at slik informasjon ofte eller svært ofte ikkje blir vidareformidla.
Bufdirs direktør Eve Vangsnes Bergli seier mange står i tøffe arbeidssituasjonar.
– Dette er ein realitet som vi må ta innover oss, og som vi jobbar med kvar einaste dag, seier ho.
Dei aller fleste barnevernstenestene har erfaring med barne- og ungdomskriminalitet, men opplever å mangle treffsikre tiltak. Bergli trekkjer fram at etatssamarbeid for utsette barn og unge, der fleire sektorar samarbeider om meir samordna tenester, er avgjerande for å lykkast.
– Skal vi løyse utfordringane knytte til barne- og ungdomskriminalitet, er vi heilt avhengige av tett samarbeid mellom tenestene.
Viktig med innsikt
Ein høg svarprosent gjer at funna i undersøkinga blir vurderte som solide av ideas2evidence, som gjennomfører undersøkinga på vegner av Bufdir.
– Barnevernsbarometeret har blitt ei verdifull og påliteleg kjelde til kunnskap om barnevernet, seier Bergli.
Dette er første gong funn i undersøkinga kan samanliknast med funn frå eit tidlegare år. Det er tredje gong undersøkinga med både fast og variable tema blir gjennomført. Det er planlagt ny undersøking neste år.
– Skal vi bli betre, må vi vite kva som fungerer godt og der det er behov for endringar, seier Bergli. Ho er takksam for at mange tek seg tid til å svare, fordi det mogleggjer å bruke funna til å forbetre barnevernet.