nyhende

Bård Tufte Johansen under Gullruten-utdelinga i 2024.

Bård Tufte Johansen gir seg i «Nytt på nytt»

Bård Tufte Johansen har bestemt seg for å slutte i «Nytt på nytt» på NRK etter sesongen i haust. Hans siste sending blir fredag 4. desember.

Publisert

– Ti år har det vorte. Å gi seg på eit jubileum likar eg. Alternativet var «Endeleg sluttar Bård etter 50 år i Nytt på nytt», seier Johansen i ei pressemelding.

Han avslørte nyheita under innspelinga av «Nytt på nytt» torsdag kveld.

– No får eg tid til å pønske på andre ting i NRK, seier han.

Kven som blir arvtakaren, er enno ikkje klart, opplyser NRK.

– Eg kjem til å sjå tilbake på tida i «Nytt på nytt» med stor glede, så eg er førebudd på ein dose melankoli. Eg er allereie oppe på maks storleik og feit skrift på manuset, så det vil vere fint å få inn nokon som klarar å lese normal skriftstorleik, seier han.

«Nytt på nytt» har gått på NRK sidan 1999. Saman med Bård Tufte Johansen, som har vore programleiar, er dei faste paneldeltakarane Kristine Grændsen og Johan Golden.

Powered by Labrador CMS