nyhende

For å sleppe matsvinn i beredskapslageret, bør du rullere på matvarene etter kvart.

Beredskaps­maten som overlever utløps­datoen

Alle bør ha eit lager av mat ståande for minst ei veke. Men kva gjer du når utløpsdatoen nærmar seg? Her er matvarene du trygt kan la stå – og dei du bør ete opp først.

Publisert

Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap (DSB) rår alle til å ha mat og vatn nok til ei veke.

Men kva gjer du når maten i beredskapslageret begynner å syngje på siste verset?

Bruk sansane

På matvarer i norske butikkar finn vi to forskjellige datomerkingar.

Står det «siste forbruksdag», skal ikkje maten etast etter at datoen er passert. Det er fordi ein ikkje kan garantere at maten er trygg lenger. Det er fare for helseskadelege mikroorganismar, som ein ikkje nødvendigvis kan lukte eller smake.

For matvarer merkte med «best før» gjeld det derimot å bruke sansane. Det kan mange bli betre på.

– Forbrukarane må bli flinkare til å skjønne ulike typar datomerking, og ta i bruk eigne sansar for å vurdere produktet sjølve, seier seniorforskar Anlaug Ådland Hansen i matforskingsinstituttet Nofima.

Slike matvarer kan det vere å lurt å ha ståande i tilfelle krise.

Når det står «best før», skal nemleg maten vere trygg sjølv om han er passert datoen.

– Da er det i hovudsak at det kanskje luktar eller smakar litt harskt. Det går ikkje direkte på mattryggleik, men meir på den sensoriske kvaliteten, seier Hansen.

Ho oppfordrar til å sjå, lukte og smake på maten før den går i søpla. Består maten dei tre sansetestane, er det berre å forsyne seg.

Test ein beredskapsmiddag

– Det enklaste er å bruke maten i kvardagen når datoen nærmar seg, og kjøpe nytt. Set dei nye varene bakerst og flytt dei eldste fram, så brukar du alltid det eldste først, seier fagdirektør Tore Kamfjord i Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Han anbefaler også å teste ut lageret av og til.

– Det kan vere lurt å gå gjennom lageret eit par gonger i året og lage ein middag av det som snart går ut på dato. Da får du samtidig øvd på å lage mat med det du har lagra, gjerne på primus eller stormkjøkken, seier Kamfjord.

Hermetikk held seg ei stund.

Også selskapet Matvett, som jobbar for å førebyggje og redusere matsvinn, anbefaler ei rullering i matlageret.

– Kjøp varer med lang haldbarheit som du også bruker til vanleg og som ikkje treng å stå kjølig. Da kan du sørgje for å bruke opp varer som har kort haldbarheit og erstatte med nye, seier Anne Marie Schrøder, kommunikasjonssjef i Matvett.

Schrøder anbefaler å kjøpe mat du og familien faktisk likar, slik at du ikkje endar opp med sære varer du vanlegvis aldri ville ete.

Tips til rullering

Matvett sine tips til rullering av beredskapslageret:

1. Ha eigne oppbevaringskasser til beredskap og merk dei med datoen du la inn maten (bruk tusj og teip).

2. Følg «først inn – først ut»-prinsippet (bruk det eldste først, legg nytt bakerst).

3. Sett av éin dag i månaden til ein «beredskapsmiddag» med noko frå lageret.

4. Skriv inn rullering på kalenderen din som ei fast påminning.

Powered by Labrador CMS