nyhende
Berre halvparten av utdanna barnehagelærarar jobbar i barnehage
Sjølv om fleire har barnehagelærarutdanning, er det færre som jobbar i barnehage enn for fire år sidan.
Ved utgangen av 2025 jobba i underkant av 32.500 barnehagelærarutdanna i barnehage.
Det viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå.
Totalt hadde 64.000 personar under 68 år barnehagelærarutdanning i 2025. Av dei var 86 prosent i jobb, men berre 51 prosent jobba i barnehage.
Blant dei utdanna under 60 år var 91 prosent i jobb i 2025. I denne gruppa jobba 55 prosent i barnehage, mot 60 prosent i 2021.
Kvinner er overrepresenterte i utdanninga som barnehagelærar. Ni av ti sysselsette var kvinner i 2025.
Ifølgje Utdanningsdirektoratet mangla det 2.600 årsverk for å oppfylle kravet til pedagogisk bemanning i barnehagane i 2025. Pedagognorma krev minst éin pedagogisk leiar per 14 barn over tre år og éin per sju barn under tre år.
Framskrivingar viser at gapet mellom talet på utdanna og etterspurnaden etter barnehagelærarar truleg vil auke fram mot 2060.