nyhende
Blir ikkje asfaltering før til hausten
I april skreiv Vestavind at det kjem ny asfalt på Fv. 47 frå fylkesgrensa til Tveit. Sidan har det ikkje skjedd noko, og fleire har spurt om me veit når asfalteringa begynner.
Kontraktane på arbeidet hadde oppstart 4. mai, og då skulle det leggast ein framdriftsplan. Etter det har det vore stille om Sveio, så me tok ein telefon til driftsavdelinga i Vestland fylkeskommune for å sjekka om det snart skjer noko.
– Det blir i alle fall ikkje før sommarferien er over, seier kontrollingeniør Kristian Kannelønning medan han finn fram framdriftsplanen.
– Tittelsnesvegen er ikkje lagt inn enno, ser eg. Det er ikkje noko arbeid i ditt område no, og Fitjar ser ut til å vera nærast med asfaltering i september. Så det betyr at det nok ikkje skjer noko i Sveio før utpå hausten, seier Kannelønning.
Om lag 160 kilometer fylkesveg får nytt dekke i 2026, fordelt på strekningar i store delar av fylket. Fv. 47 Tittelsnesvegen skal etter planen få 5,6 kilometer av desse 160. Asfaltarbeidet på fylkesvegane pågår fram til 1. november.