nyhende

Torbjørn og tante Hanne står i ein gardssal med egg, rabarbrasaft og skiltet «Haugane Gard».
Torbjørn (3,5) og tante Hanne Vikse frå Haugane gard selde mellom anna egg og rabarbrasaft.

Bonde­marknaden samla små og store

Om lag 800 store og små var innom den bondemarknaden i Sveio sentrum søndag. Her var det mykje å både sjå, eta, oppleva og handla.

Publisert Sist oppdatert

Marknadsdagen starta med hausttakkegudsteneste i Sveio kyrkje. Til stor begeistring kom sauen André vandrande oppover kyrkjegolvet i lag med Sveio barnekor, og han oppførte seg slik ein veloppdragen ungdom helst skal gjera.

For sokneprest Trude-Christina Helgesen Halvorsen blei det ikkje teke ein såkalla selfie før ho og André gjekk inn i kyrkja. 

– Eg tok ein «saufie» av oss, eg, sa ho til Vestavind sin frilansar, som først trudde at nemnde sau sjølv hadde funne vegen inn for å høyra barnekoret synga.

Lefser, honning og eplemost

I kvar ei bod og på kvar ein plass på marknaden blei det vist og fortald mykje av interesse. Jan Arne Tjomsland selde både lappar, tørre lefser, påsmurde lefser med og utan kanel, nordlandskaker og flatbrød. Han kallar foretaket sitt «Jans lefser og flatbrød», og hadde teke turen frå Førresfjorden til Sveio i lag med kona si Reidun Tjomsland. På bordet låg det også imponerande flotte og fargerike strikkearbeid.

Honning frå Brokanes vert produsert av Frode Rasmussen i Valevåg. Han kjem opprinneleg frå Danmark, men har slått seg til ro med familie i Sveio. Kona hans, «birøkterfruen» Astrid Jeanette frå Bråtveit i Sveio selde mellom anna fargerike pannebånd samt sanseleiker. Ein hobby ho har halde på med ei stund.

I Haugane Gard si salsbod sat 3-åringen Torbjørn og tante Hanne Vikse for å selja egg, eplemost, rabarbradrikk og anna. Dei tok også i mot bestilling av kjøt. Det siste tok tante Hanne seg av.


Astri Andersson frå Haugesund hadde sikra seg ei av dei solide salsbodene som Lions Club Sveio har bygd. Sjølv er ho busett i den såkalla Texasbyen i Haugesund, og prisar seg lukkeleg over å kunna bruka mykje tid i den store og vakre hageparsellen som i alt 101 leiligheter har tilgong til utanfor dørene. Ho selde mellom anna mykje solbæreddik samt rabarbra - og jordbærsyltetøy på marknaden. 

– Astri lagar verdas beste eddik, fortalde venninna hennar, Mia Persson. Ho sat sjølv like utanfor boda og strikka vidare på eit av sine mange prosjekt. 

Strikkesokkar og grytelappar, samt nye klede til gamle nissar frå Gjenbruken er noko ho likar å arbeida med. Pratsomme og blide Einar Amundsen med australsk cowboy-hatt på hovudet handla kaffi hjå 4H og serverte Astri og Mia. Han fortalde at han hadde starta sjølivet på eit dampskip, og avslutta på ei seglskute.

God heimebakst

Torgeir Eikeland frå Auklandshamn driv Eikeland Gods, der det veks økologisk ramsløk og gulrøter, fleire typar kål og andre grønsaker. På bordet stod det også granskotsirup, rips- og bringebærsaft, solbær- og blåbærsaft.

Fire born står bak eit bord med kreative hobbyting og korgarbeid på ein 4H-stand.
Born frå Lid 4H selde kreative hobbyting. Frå venstre Sølvi Handeland, Alina Gabrielsen Leirvik, Karoline Kvalvågnes Guddal og Tobias Haldin Solberg.

Anne Grethe Rossehaug og sonen Hugo sine sauetelyshaldarar laga av gips forsvann fort, men dei selde også heimeprodusera stearinlys og andre telyshaldarar. Dei hadde med seg si eiga salbod dei kallar hestehengaren, og der folk kunne koma inn og sjå alle produkta.

Ein smilande gjeng born frå Lid 4H selde ulike hobbyting. For ti kroner kunne store og små kjøpa små treplater i ulike fasongar, og som ein kunne skrapa på for å få fram vakre fargar og motiv. Like ved sytte fire andre 4H-ungdomar for å fylla på mykje god heimebakst og kaffi til to 4H-leiarar som tok seg av salet til svoltne og kaffitørste folk i alle aldrar.

Kåringsjå og sjølvforsyning

Kåringsjå samla store og små. Hege Vigre kunne seinare opplysa at 116 lam fordelt på ni produsentar stilte til kåring, der 102 av desse fekk lilla kåringsklype i øyra. Dei resterande vart «vraka».

Sauer i ein inngjerda binge medan barn og vaksne ser på under eit kåringssjå.
Kåringssjå og dyreutstilling samla store og små.

Utanfor Sveio soknehuset fortalde nestleiar i Sveio bonde- og småbrukarlag Jon Bergmål og Helge Reinertsen om eit vaksande behov for sjølvforsyning. Mellom anna om maten me kan produsera og lagra i ei tid kor landegrenser er stengde, og ein kan vera hindra frå å nytta arbeidskraft, strøm, energi, drivstoff og teknologi som må hentast utanfrå.

Gjetarhund-oppvisning

Sauebonde Benjamin Birkeland frå Stord og border collien Mist stilte opp på grasbakken aust for kyrkja der mange hadde møtt fram for å sjå og høyra. Birkeland har i mange år hatt interesse for hund og hundetrening, og har mellom anna jobba med dette eit halvt år i Wales. Mange gårdbrukarar tek kontakt med han når dei treng ein arbeidskollega heime på gården eller i fjellet.

Ein mann, ein border collie og tre sauer på ei grøn eng med åsar og hus i bakgrunnen.
Benjamin Birkeland frå Stord og border collien Mist i aktivitet på marka aust for Sveio kyrkje.

Bak årets bondemarknad står Sveio Sau og Geit, Sveio Bondelag, Sveio Bonde- og småbrukarlag, samt Lid 4H. Ut frå tilbakemeldingar frå fleire av dei, og mange besøkande, blir det truleg ein tredje Bondemarknad neste år.

Powered by Labrador CMS