nyhende
Brann i hytte – ein har fått i seg røyk
Nødetatane rykka ut til brann i ei hytte på Erve søndag ettermiddag.
SISTE: – Brannvesenet melder at dei har kontroll på staden. Politipatruljen har akkurat kome til staden og startar undersøkingar, opplyser operasjonsleiar Kim Flakstad ved Sør-Vest politidistrikt.
Politiet fekk melding om brannen klokka 16.18. Nødetatane rykka ut på melding om brann i hus.
– Alle skal vera ute av huset, og det er ikkje meldt om skade på personar, skriv operasjonsleiar Flakstad.
Klokka 16.26 oppdaterer politiet loggen med at det skal vera ei hytte som brenn, og det blir meldt at brannen har spreidd seg til kjellaren.
– Det er god avstand til omkringliggande bygningar, seier Flakstad.
Klokka 16.42: Brannvesenet har vore inne i hytta. Det er mykje røyk, men ingen opne flammar. Det har ulma i etasjeskillet. Ein person har fått i seg røyk og blir tilsett av helsepersonell, melder politiet.
Saka blir oppdatert.