nyhende

Topografisk kart med blå rute og markør nær Ford.

Brann i hytte – ein tatt med til legevakt

Nødetatane rykka ut til brann i ei hytte på Erve søndag ettermiddag.

Publisert Sist oppdatert

SISTE: Politiet har avslutta på staden og opprettar sak.

– Ein person blei tatt med til legevakt for vidare undersøkingar etter å ha pusta inn pulver frå brannslukkingsapparat, opplyser operasjonsleiar Kim Flakstad ved Sør-Vest politidistrikt.

Klokka 16.50: – Brannvesenet melder at dei har kontroll på staden. Politipatruljen har akkurat kome til staden og startar undersøkingar, skreiv operasjonsleiaren.

Politiet fekk melding om brannen klokka 16.18. Nødetatane rykka ut på melding om brann i hus. 

– Alle skal vera ute av huset, og det er ikkje meldt om skade på personar, sa operasjonsleiaren.

Klokka 16.26 oppdaterte politiet loggen med at det skal vera ei hytte som brenn, og det blir meldt at brannen har spreidd seg til kjellaren. 

– Det er god avstand til omkringliggande bygningar, opplyste Flakstad.

Klokka 16.42: Brannvesenet har vore inne i hytta. Det er mykje røyk, men ingen opne flammar. Det har ulma i etasjeskillet. Ein person har fått i seg røyk og blir tilsett av helsepersonell, melde politiet.

Powered by Labrador CMS