nyhende
Bytte ut brudevalsen med Dungeons & Dragons
Runar Larsen og Henriette Bøe frå Sveio let fantasy, mellomalderklede og musikk frå Ringenes herre setja ramma for den store dagen.
– Me var relativt tidleg einige om at me ville ha eit bryllaup som speglar oss, fortel Runar Larsen.
Paret er begge frå Sveio. Dei har visst kven den andre var sidan barneskulen, men det var først etter at begge hadde flytta til Oslo at dei fann tonen. I 2023 vart dei kjærastar.
Allereie tidleg i forholdet byrja dei å snakka om korleis eit framtidig bryllaup kunne bli. På veg heim frå bryllaupet til eit vennepar kom halloween opp som ei mogleg ramme. Det var ein dag begge syntest var artig.
Då Runar seinare fridde på halloween, tok planane for alvor form.
Drakar sette retninga
Då Runar vart student i 2017, byrja han også å spela Dungeons & Dragons med ein vennegjeng.
Runar er ikkje særleg glad i å dansa, og då Henriette føreslo at dei kunne spela rollespelet Dungeons & Dragons, som begge har eit forhold til, var Runar ikkje sein med å svara ja.
På ein handletur fann Henriette eit bilete av ein bokhaldar med to drakar. Den kunne passa til gjesteboka, meinte ho. Runar laga deretter ein med 3D-printaren.
Då Henriette også føreslo at systera kunne bretta papirdrakar, byrja temaet å bli tydeleg.
– Då var begge litt sånn: «Her høyrest det jo kanskje ut som me har eit tema.»
Resultatet vart eit bryllaup inspirert av mellomalderen og fantasy, med drakar som ein raud tråd.
Svart og raudt
Paret gifta seg i Avaldsnes kyrkje på Karmøy førre helg og samla deretter selskapet på Mortholmen på Åkra.
Også i kyrkja var mellomalderen eit tema. Både innmarsj og utmarsj vart gjorde med musikk frå Ringenes herre.
Gjestene vart oppmoda til å kle seg i mellomalder- og fantasytema. På bryllaupsnettsida delte paret inspirasjon og tips.
Runar fekk laga klede gjennom ein kontakt i vikingmiljøet til tanta på Karmøy. Fargane var personlege.
– Henriette elskar svart, eg elskar raudt, så det vart naturleg. Drakane var òg hovudsakleg svarte og raude, for å spegla meg og Henriette, fortel han.
Gjennomført
Før bryllaupet var paret spente på om opplegget ville bli for særeige for gjestene. Etterpå sat dei att med inntrykket av at folk hadde kosa seg.
– Me har fått veldig god respons. Fleire kom bort til oss under festen og sa at bryllaupet var gjennomført. Det verkar som folk hadde det veldig kjekt.
Og sjølv om Runar gjerne kunne ha opplevd ein liknande fest igjen, har han ingen planar om eit nytt bryllaup.
– Me er lukkeleg gifte, vil eg påstå. Og det satsar me på at me er lenge.