nyhende
Dårleg munnhelse hjå eldre – digital løysing gir håp
Tre av fire heimebuande eldre som har rett til gratis tannhelsehjelp, er ikkje i kontakt med tannhelsetenesta. Ei digital plattform kan vere brubyggjaren som skal til.
– To åtskilde organisasjonar har ansvar for den same munnen. Då må dei samhandle, og til det har det mangla gode, trygge og digitale verktøy, seier Ellen-Merethe Høgsæt.
Ho er tannlege og gründer i DentaApps AS, som står bak den digitale samhandlingsplattformen «Tannhelsehjelpen». Dei har saman med fleire fylkeskommunar og kommunar, over fleire år, utvikla ei digital verktøykasse for eit tettare og betre samarbeid mellom kommune og fylkeskommune.
Innbyggjarar med langvarig vedtak om heimesjukepleie eller opphald i institusjon har rett til gratis tannhelsetenester frå fylkeskommunen. Samstundes er dagleg munnstell og førebyggjande pleie kommunen si oppgåve, medan tannhelsetenesta har ansvar for sjølve tannbehandlinga.
– Helsepersonell får kunnskap og avgjerdsstøtte til det daglege munnstellet, og samstundes får kommune og tannklinikk ei felles oversikt over munnhelsa til pasienten. Slik kan dei kommunisere og dokumentere i same plattform, forklarar Høgsæt.
Meir samarbeid
Men den digitale løysinga er berre ein liten del av det, ifølgje Høgsæt. Det å innføre nye arbeidsrutinar og ein ny arbeidsflyt mellom desse to organisasjonane er minst like viktig.
– Vi ser at mykje bra skjer mellom tannhelse- og helsepersonell når dei samarbeider om dette, særleg når det gjeld å finne nye måtar å hjelpe pasientane på der dei er. Sånn som også den nye tannhelse- og helsereformen seier at vi må om vi skal klare å hjelpe alle pasientar, seier Høgsæt.
Ho peikar på at dette var ein viktig del av utgangspunktet for at dei begynte å utvikle «Tannhelsehjelpen».
Kan få hjelp også på avstand
Plattformen inneheld mellom anna ei sikker meldingsteneste og moglegheit for videosamtalar mellom helsepersonell på til dømes sjukeheim og behandlarar på tannklinikken. Han har òg informasjonsvideoar og opplæringsmateriell om munn- og tannhelse og tannstell til helsepersonell.
«Tannhelsehjelpen» er testa i 14 kommunar og sju fylke over sju år, mellom anna tre kommunar i Rogaland: Hjelmeland, Sauda og Kvitsøy.
– Vi ser at det er store utfordringar blant pasientar på sjukeheim og pasientar med heimesjukepleie. Vi ser at mange av dei får dårlegare tannhelse, seier Janne Schanche, folkehelserådgjevar i Rogaland fylkeskommune.
Ho fortel at dei ville teste ut «Tannhelsehjelpen» for å sjå om det kunne løyse nokre av desse utfordringane. Noko av problemet har vore dialog mellom ulike instansar.
– Det er ingen naturleg plass å samhandle for tannhelsetenesta og kommunale tenester, fordi det er to fragmenterte institusjonar, seier ho. Men ho har trua på «Tannhelsehjelpen» som eit hjelpemiddel for å løyse nettopp dette.
– Dette er ein app som skal brukast i det daglege, der pleiepersonell kan registrere at dagleg munnstell er utført, eller ikkje og kvifor ikkje. Det er òg ein kunnskapsbank som kan brukast til kompetanseheving, seier Schanche.
Vegring for nye verktøy
Helsepersonell kan til dømes ta bilde inni munnen til pasienten, som tannhelsetenesta kan sjå på gjennom appen. Dermed kan dei vurdere om pasienten må ein tur til tannlegen eller om det er noko som kan løysast av helsepersonell der dei er. Det sparar både pasienten, helse- og tannhelsetenesta for tid og ressursar, seier Schanche.
– Det handlar ikkje om at pasientane ikkje lenger skal kome til tannklinikken. Det handlar om at dei som har behov for det, skal få kome, og at vi ikkje skal utsetje eldre og folk som begynner å bli skrøpelege, for eit unødvendig besøk, seier ho.
Dei som har brukt løysinga i fylkeskommunen så langt er fornøgde, ifølgje Schanche.
– Det er så enkelt å bruke ho, for du berre går inn, og så er det veldig sjølvforklarande. Alle dei som bruker ho no, seier det.
Likevel har det ikkje vore berre enkelt.
– Det er kanskje er ei vegring for å ta i bruk eit nytt digitalt verktøy. Dei har begynt å ta bilde, lagt inn pasientar, men dei får ikkje alle med seg ute i kommunane. Noko som gjer at vi ikkje klarer å bruke det fullt ut, seier Schanche.
Målet er å få med seg fleire kommunar til å teste plattformen. Men det krev omstilling, og det tek tid, seier Schanche. Ho peikar på både IKT-løysingar og opplæring for tilsette.
Den gløymde helsa
Plattforma er i drift i Buskerud og Rogaland, men skaleringa går sakte fordi det er for lite fokus på munnhelse, seier tannlege og gründer Høgsæt.
– Alle sit på gjerdet, og det verkar nokre gonger som om det må skje noko alvorleg før ein skal få opp auga for at munnen er ein veldig viktig del av kroppen.
Ho meiner munnen ofte blir oversedd som ein viktig del av den generelle helsa vår, og får støtte frå folkehelserådgjevar Schanche.
– Tannhelsa har utruleg stor betydning for resten av kroppen. Munnen er eigentleg inngangsport til kroppen, og viss bakteriar i munnen ikkje blir fjerna dagleg, kan dei spreie seg til lungene, hjernen og hjartet. Det kan få store konsekvensar, seier ho.