nyhende

Den filippinske ambassadøren i Noreg, Enrico T. Fos blei tatt imot av sveioordførar André Mundal Haukås utanfor kommunehuset.

Den filippinske ambassa­døren på Sveio-besøk

Ambassadør Enrico T. Fos har dei siste dagane vore på Haugalandet, og måndag besøkte han Sveio. Det blei eit hjarteleg gjensyn med sveioordførar André Mundal Haukås.

Publisert

Dei møttes første gong under den storstilte feiringa av Fillippinene sin nasjonaldag i Tysvær laurdag. Då ambassadøren og følget kom til Sveio sentrum, blei dei møtt av det norske og filippinske flagget vaiande side om side.

Det norske og filippinske flagget var heist til ære for ambassdøren og følget hans.

Besøket kom til på veldig kort varsel, og det filippinske flagget fekk ordføraren hjelp av Haugesund-ordførar Nils Konrad Bua til å skaffa via den fillippinske foreininga på Haugalandet. Gesten vart sett stor pris på.

Liten kommune, stort hjarte

Ordføraren, kledd i bunad i høve besøket, trekte i sin velkomsttale fram et Sveio er ein liten kommune med eit stort hjarte, og fortalde litt om næringsliv og korleis det er å bu her.

– Me er stolte over at 18 filippinarar kallar Sveio heime, sa han

Han kom også inn på at ambassadøren også er ambassadør for Island, og fortalde litt om vikinghistoria som knyter Sveio, Noreg og Island saman. Ryvarden er sentral her, og heile følget, inkludert sju filippinarar tilsett i Sveio kommune, drog etter kvart dit for meir historie og fisk til lunsj.

Ordføraren avslutta sin tale med å gi ei flaske wisky produsert av Hiernagla som gåve til ambassadøren. Det gjekk eit «åh!» gjennom forsamlinga då han fortalde at det berre er produsert 860 flasker av denne wiskyen. Ambassadøren fekk også lysestakar laga va brukarane ved Aktivitetshuset.

Ein tilsett frå den filippinske ambassaden sørga for å dokumentera besøket.


Styrt av Spania i 377 år

Filippinene var kolonisert av Spania i 377 år. 12. juni 1898 erklærte Filippinene seg uavhengig av det spanske kolonistyret, og datoen blir feira som landet sin nasjonaldag.

– Då er det fest i heile landet, men det er ikkje alltid så letta å få til feiring i utlandet på den datoen. Difor feirar me dagen i mai og juni over heile verda. Som no laurdag i Tysvær, fortalde ambassadøren, og takka for at Sveio tar godt imot hans landsmenn.

Sjølv om Filippinene og Noreg ligg i heilt ulike verdsdelar, har landa mykje til felles understreka ambassadøren. Han trekte mellom anna fram historie, tradisjonar og prinsipp.

Dugnad = bayanihan

– Begge landa har vore underlagt kolonimakter, menneskerettar står sterkt, me følgjer internasjonale lover, og ikkje minst har me dugnad. Me kallar det bayanihan. Fellesskap, frivillig arbeid og samhald der ein bidrar for å hjelpa andre. Treng de hjelp til noko, ikkje nøl med å spørja filippinske sambygdingar. Dei vil alltid stilla opp, sa Fos, som sidan 2021 har besøkt 65 kommunar i Noreg for å treffa sine landsmenn.

Han fortalde at Noreg var eit av dei aller første landa Filippinene knytte venskapsband med etter krigen. Særleg trekte han fram maritim historie og sektor. Der arbeider mellom anna  rundt 20.000 filippinerar på norske skip over heile verda.

Ambassadør Enrico T. Fos og kona Myla Antonette hadde med ein heilt spesiell rom som gåve frå ambassadøren sin heimprovins på Filippinene.

Spesiell rom

Ambassdør Fos avslutta også sin tale med ei gåve i flaskeform.

– Dette er ein spesiell rom frå heimprovinsen min på Filippinene, og smaken speglar det særeigne fjella i området har å by på, fortalde han.

Deretter var det tid for prat rundt bordet, nyplukka jordbær, kaker, kaffi og te før følget sette kursen for Ryvarden.

Ambassadørfølget og andre gjester, mellom anna sju filippinske tilsette i Sveio kommune, samla i strålande sommarvêr på Ryvarden.
Powered by Labrador CMS