nyhende

Emil Dragvoll Eidsvåg (15) har arbeidspraksis ved Sveio skule.

– Det er heile tida mange ulike ting som skjer

Denne hausten har Andreas Bråtveit Talle og Aiden Haukås Sørskår arbeidspraksis i Vestavind nokre timar kvar tysdag. Dei skal mellom anna laga saker om andre som er i arbeidspraksis.

Publisert

I arbeidspraksis

Namn: Emil Dragvoll Eidsvåg 

Alder: 15 år

Bustad: Valestrand

– Kvar jobbar du? 

– Eg jobbar i klasse 3A på Sveio skule.

– Kva likar du best med å jobbe her? 

– Det er nærme skulen min.

– Korleis vil du beskrive arbeidsmiljøet og samarbeidet med dei andre? 

– Eg synest det er veldig bra, og me blir godt tekne imot.

– Kva gjer du vanlegvis i løpet av ein arbeidsdag? 

– Eg passar borna og leikar med dei. Eg viser dei kva dei skal gjere.

– Kva synest du er det mest utfordrande med jobben? 

– Eg synest det er litt for mykje lyd. Det er òg veldig mange ulike born eg må vere med. Det er heile tida mange ulike ting som skjer.

– Kunne du tenkje deg å jobbe her fast, og ville du tilrådd andre å jobbe her? 

– Eg kunne ikkje tenkt meg å jobba fast her. Det er for mykje lyd og for mange ungar. Men eg kan anbefala det om ein likar å halda på med noko ute, og det ikkje gjer noko. 

Powered by Labrador CMS