nyhende

Marlena Wirkola Lye (14) har arbeidspraksis ved Sveio skule

– Det er mykje lyd og mange ulike barn

Denne hausten har Andreas Bråtveit Talle og Aiden Haukås Sørskår arbeidspraksis i Vestavind nokre timar kvar tysdag. Dei skal mellom anna laga saker om andre som er i arbeidspraksis.

Publisert

– Kvar jobbar du? 

I arbeidspraksis

Namn: Marlena Wirkola Lye 

Alder: 14 år

Bustad: Vikse

– Eg jobbar i klasse 3A på Sveio skule. 

– Kva likar du best med å jobba her? 

– Det er nært skulen. 

– Korleis vil du skildre arbeidsmiljøet og samarbeidet med dei andre? 

– Eg synest arbeidsmiljøet er veldig bra. Eg er mykje ute og har det veldig gøy. 

– Kva gjer du vanlegvis i løpet av ein arbeidsdag? 

– Eg trøystar borna. 

– Kva synest du er det mest utfordrande med jobben? 

– Det er mykje lyd og mange ulike born. Det er også mykje som skjer.

– Kunne du tenkt deg å jobba her fast, og ville du tilrådd andre å jobba her? 

– Eg kunne ikkje jobba her fast, fordi dei er så mykje ute. Men eg kan tilrå det.

Powered by Labrador CMS