nyhende

Ferien kan bli utsett med legeerklæring.

Dette har du krav på om du blir sjuk i ferien

Kvar sommar får Arbeidstilsynet spørsmål frå arbeidstakarar som får ferien øydelagt av sjukdom.

Publisert

Ferie er regulert etter ferielova, men tariffavtalar kan også ha føresegner om ferie. Likevel er det nokre hovudreglar ein kan følgje.

Ein kan få feriedagane utsette frå første dag ein vart sjuk, men sjukdommen må bli dokumentert med legeerklæring eller sjukemelding. I tillegg er det viktig å snakke med arbeidsgivar så raskt som mogleg.

For å ha rett på ny ferie, må du ha vore 100 prosent sjukmeld. Det same gjeld òg om du blir sjuk før ferien.

Seksjonsleiar for svartenesta til Arbeidstilsynet, Torill Cecilie Mehus, seier i ei pressemelding at det er greitt å halde fram med å avvikle ferien, sjølv om du pådreg deg ein skade som normalt ville gjort at du ikkje kunne arbeide.

– Ein brekt finger eller liknande kan gjere deg arbeidsufør i mange yrke, men det kan godt hende at ferien du har planlagt fint lèt seg gjennomføre, seier ho.

Tilsvarande gjeld det også i motsett veg.

– Ein brekt ankel medfører ikkje nødvendigvis at du blir arbeidsufør om du har ein kontorjobb, men fjellturen eller badeferien du skulle på, lèt seg kanskje ikkje gjennomføre med gips på foten, seier Mehus.

Ho understrekar at det er viktig å snakke med legen, slik at de saman kan vurdere graden av arbeidsuføre rett.

Powered by Labrador CMS