nyhende

Dei seks kuvitreglane skal gjere det enklare for dyr og menneske å nyte naturen saman.

Dette skal du gjere om du møter kyr i sommar

– Kyr er stort sett rolege og fredelege dyr, men det kan oppstå farlege situasjonar om dyra blir skremde eller at dei opplever at kalven deira er trua, seier Siri Meland, fungerande generalsekretær i Norsk Friluftsliv.

Publisert

Ho er klar på at det er meir enn nok plass til både turgåarar og kyr i naturen, og at så lenge ein viser omsyn, så er sjansen mindre for at det skjer uønskte hengingar.

– Det er meir enn plass nok til både turgåarar og kyr i naturen. Det at det er beitande dyr i eit område er absolutt ingen grunn til å ikkje gå på tur der, seier Meland i ei pressemelding frå Norsk Friluftsliv.

Dette er kuvitreglane:

  • Hald avstand til dyra og gå utanom flokken.

  • Ikkje gå mellom dyra. Kyr kan bli pågåande og skape uønskte situasjonar.

  • Ikkje gå bort til kalven. Kua kan gå til angrep for å verne ein kalv. Hundar bør ikkje takast med til beitande dyr. Hugs bandtvang frå 1. april til 20. august. OBS! I Sveio er det forlenga bandtvang til 15. oktober.

  • Kyr er nysgjerrige. Blir kuflokken pågåande, legg ned det du har i hendene og trekk deg unna. Du kan hente igjen utstyret etter at kyrne har gått.

  • Om du opnar ei grind, lukk henne igjen også! Opne grinder gjer at dyra kjem inn på område dei ikkje skal vere, og som kan vere farleg for dei og andre.

Kuvitreglane er laga av Bondelaget, TYR, Tine, Noregs Bonde- og Småbrukarlag, Geno og Norsk Friluftsliv.

Beitesesongen for norske kyr startar i mai og blir avslutta i september.

Powered by Labrador CMS