nyhende
Dette skjedde i helga
Bortsett frå stengt tunnel ein periode, har politiet hatt lite å gjera i Sveio i helga.
Nødetatane rykka ut til Bømlafjordtunnelen laurdag etter ei melding om røykutvikling i tunnelen. Politiet fekk første melding klokka 13.18. Eit køyrefelt i retning Stord blei stengt.
Ein halvtime etter første melding var politi og brannvesen på plass og i gong med arbeid på staden.
– Det er ingen brann, ingen skadar på køyretøy, men røykutvikling, slik at tunnelen er stengt inntil vidare, meldte operasjonsleiar Olaug Bjørnsen ved Sør-Vest politidistrikt klokka 13.32.
20 minuttar seinare oppdaterte operasjonsleiaren med at politiet hadde avslutta sitt arbeid på staden. Det var bestilt bilbergar, og tunnelen ville opna om kort tid.