nyhende
Dette skjedde i Sveio i helga
Helga har vore roleg sett frå politiet si side, bortsett frå to bortvisingar frå Sveiofestivalen og beslag av ulovleg flytegarn.
Politiet hadde ein eigen patrulje dedikert til Sveiofestivalen i helga. Det gjekk stort sett veldig bra for seg, men to menn utmerka seg.
To bortvisingar
– Klokka 21.15 laurdag prøvde ein mann i starten av 30-åra å storma scena. Han vart teke hand om av patruljen og bortvist frå festivalområdet til klokka 08.00 søndag. Klokka 22.10 dukka same mann opp igjen. Han blei nok ein gong bortvist, og blir anmeldt for brot på det første pålegget om bortvising, opplyser vaktsjef Dan Magne Gaard ved Haugesund politistasjon.
Mellom desse to hendingane, var politiet i kontakt med ein mann i midten av 50-åra klokka 21.30.
– Han blei bortvist frå området til neste morgon, og overlatt i gode hender til kona som tok han med seg heim, seier vaktsjefen.
Ulovleg flytegarn
Søndag kveld klokka 19.05 fekk politiet melding frå Statens naturoppsyn.
– Dei hadde vore på kontroll og beslaglagt eit ulovleg flytegarn i Førdespollen, seier Gaard.