nyhende

NAF meiner at kutt i drivstoffavgiftene vil vera bra både for distrikta og sosialt.

Diesel er over 30 prosent dyrare enn i fjor

Prisen på diesel var 32 prosent høgare i oktober i år enn i same månad i fjor. Det er andre månaden på rad at bilistane i snitt betalte over 25 kroner per liter.

Publisert

Det skriv NAF i ei pressemelding, der dei viser til tal frå SSB.

I oktober kosta ein liter diesel i snitt 27,26 kroner, medan bensin kosta 25,67 kroner. Bensin var 21 prosent dyrare enn for eitt år sidan.

– Prisane skaut i vêret i september og heldt seg høge gjennom oktober, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF.

NAF meiner drivstoffavgiftene rammar geografisk og sosialt skeivt, og viser til at det er langt fleire i Distrikts-Noreg som eig diesel- og bensinbilar enn i sentrale strøk.

– Det er framleis uvisse og uro rundt korleis drivstoffprisane vil bli utover vinteren. Kutt i avgiftene no vil bety ei viktig handsrekking som får ned prisen for å komma seg rundt i kvardagen, seier Handagard.

Handagard meiner at lågare avgifter ikkje gjer at folk køyrer meir, og viser til at det ikkje vart registrert ein auke i trafikk då prisane var lågare.

Powered by Labrador CMS