nyhende

Redningsselskapet åtvarar mot alkoholbruk i samband med bading, båtliv og andre aktivitetar ved vatn.

Dobbelt så mange har drukna i år som til same tid i fjor

Så langt i år har 27 personar drukna i Noreg, det er meir enn dobbelt så mange som i fjor.

Publisert

Til same tid i fjor hadde 13 personar drukna, viser Redningsselskapets drukningsstatistikk. 26 av dei 27 omkomne i år er menn.

– No går vi inn i månadene der flest drukningsulykker skjer i Noreg. Sommaren skal vere full av gode opplevingar i båt, på stranda og ved vatnet. Nettopp derfor er det viktig å ta nokre enkle forholdsreglar, slik at fleire kjem trygt heim, seier Tanja Krangnes, fagsjef for drukningsførebygging i Redningsselskapet.

Fritidsbåt og fall frå land

I mai mista fem menn livet i drukningsulykker. Ulykkene i mai skjedde frå fritidsbåt og etter fall frå land.

I Møre og Romsdal mista to tsjekkiske menn og ein slovensk mann i 60-åra livet då ein fritidsbåt kantra under turistfiske utanfor Smøla. Ein mann i 70-åra omkom i ei fritidsbåtulykke utanfor Hvaler og ein annan mann i 70-åra omkom etter å ha falle i ei elv i Halden.

Redningsselskapet peikar på at mange drukningsulykker skjer i samband med vanlege sommaraktivitetar, som båtliv, bading og opphald ved elvar, vatn og brygger.

Enkle grep som kan redda liv

– Det viktigaste er å tenkje gjennom risikoen før ein hamnar i ein farleg situasjon. Bruk redningsvest i båt, bad saman med andre og ver klar over eigne ferdigheiter og forholda der du er, seier Krangnes.

Ho åtvarar også mot alkoholbruk i samband med bading, båtliv og andre aktivitetar ved vatn.

– Alkohol svekkjer både dømmekraft, balanse og reaksjonsevne. Det kan få alvorlege konsekvensar i og ved vatn, seier Krangnes.

Powered by Labrador CMS