nyhende

For Birger Bjelland har fyrverkeri og store smell vært en hobby i mange år. Nå inviterer han sveibuen til å ta del i moroa.

Droppar Tveitfjellet – vil samla Sveio til fyrverkeri­fest på Vikse

Testoppskytinga frå Tveitfjellet gav ikkje den «wow-faktoren» Birger Bjelland håpa på. No vil han i staden arrangera eit stort, felles nyttårsfyrverkeri på Vikse.

Publisert

Tveitfjellet var lenge aktuelt som arena for eit felles nyttårsfyrverkeri i Sveio. Etter testoppskytinga i helga meiner Bjelland at avstanden til publikum blir for stor.

– Eg hadde håpa at Tveitfjellet kunne bli den nye fellesplassen. Mange ser fyrverkeriet derfrå, men det blir så langt vekke at du ikkje får den same «wow-faktoren», fortel Bjelland.

Oppskyting på Vikse

Han har vore i dialog med Sveio kommune om planane. Ifølgje Bjelland er kommunen positiv til at nokon tek initiativ til eit felles arrangement.

Utfordringa er å finna ei plassering som fungerer for ein langstrekt kommune.

– Det er vanskeleg når folk bur så spreidd som i Sveio. Dei aller fleste vil eigentleg ha det i sin eigen hage, og det lèt seg vanskeleg gjera, seier han.

I fjor skaut han opp frå sin eigen gard på Vikse. Bjelland fortel at det blir likt i år. Han vurderte lenge å arrangera fleire mindre show, mellom anna eitt nærare Sveio sentrum og eitt i Vikse-området. 

Bjelland meiner dette ville vore ei dårlegare løysing for innbyggjarane i mellom anna Førde og Auklandshamn.

Planen er derfor å samla kreftene om eitt større show frå eigedomen hans på Vikse.

Han peiker mellom anna på at området gir plass til dei nødvendige tryggingssonene. Målet er at innbyggjarar frå heile Sveio skal kunna delta.

– Det trengst minst 150 meter avstand rundt oppskytingsplassen, og på Vikse har eg meir enn nok plass, seier Bjelland.

Startar innsamling

Ei plassering nærare Sveio sentrum blei også vurdert. Der finst det berre eitt område som er aktuelt, og det ligg for nær omsorgssenteret.

– Eg ønskjer ikkje å utsetja dei som bur der for den belastninga. Fyrverkeriet lagar mykje lyd, og det må vi respektera, seier han.

Eit profesjonelt fyrverkerishow kostar langt meir enn vanlege fyrverkeri. Bjelland anslår at han treng mellom 100.000 og 150.000 kroner. No startar han innsamlinga til årets nyttårsafta.

– Då kan vi få eit skikkeleg fyrverkeri på mellom 10 og 15 minutt, slik dei har i dei store byane, seier han.

Han vil søkja støtte og kontakta lokale verksemder med tilbod om sponsorpakkar. Det er også aktuelt med ei innsamlingsløysing.

– Eg er ganske sikker på at vi skal klara å samla inn midlane, seier Bjelland.

Bjelland har oppretta Facebook-sida «Sveio Fyrverkeri». Der vil han leggja ut informasjon om arrangementet, finansieringa og andre prosjekt fram mot nyttårsaftan.

Men først må han samla inn opptil 150.000 kroner.

Powered by Labrador CMS