nyhende

Daniel Kalukila Nesse har arbeidspraksis på Sveio omsorgssenter.

– Eg har lært at hygiene er viktig

Denne hausten har Andreas Bråtveit Talle og Aiden Haukås Sørskår arbeidspraksis i Vestavind nokre timar kvar tysdag. Dei skal mellom anna laga saker om andre som er i arbeidspraksis.

Publisert

– Kvar jobbar du? 

I arbeidspraksis

Namn: Daniel Kalukila Nesse
Alder: 14 år
Bustad: Sveioåsen

– Eg jobbar på Sveio omsorgssenter

– Kva likar du best med å jobba her?

– Det er første gong eg jobbar her. Sist gong fekk me omvising, det var for ei veke sidan. No skal me levera mat og servera, dekka av bord og rydda.

– Korleis vil du beskriva arbeidsmiljøet og samarbeidet med dei andre?

– Eg synest det er veldig flott og hyggeleg. Alle saman arbeider godt. Når me kjem hit, blir me møtte med eit smil. Det er første dagen vår, og dei er veldig hyggelege med oss og gir oss gode forklaringar på kva me skal gjera.

– Kva gjer du i løpet av arbeidsdagen?

– Eg ryddar det eg får beskjed om å rydda, eller det som står på arbeidsplanen. Det er blant anna å rydda, servera, ta oppvaskmaskina og møta bebuarane med eit smil.

– Kva lærer du av å jobba her?

– Eg har lært at hygiene er viktig. Det er viktig å vaska hendene når du skal servera mat og rydda, og å møta folk med eit smil.

– Kva synest du er det mest utfordrande med jobben?

– Me er tre på éi avdeling. Det skal eigentleg vera to på eit kjøkken og ein på ei anna avdeling. Det me fann ut no, er at me skal starta med tre på ei avdeling, og så skal me begynna med to og ein. Det som er utfordrande, er å finna ut kven som skal vera åleine.

– Kunne du tenka deg å jobba her fast, og vil du anbefala andre å jobba her?

– Det kunne eg ha gjort. Det verkar som ein veldig hyggeleg plass, og eg vil anbefala andre å jobba her fordi det er ein hyggeleg arbeidsplass. Dei tek vare på folk, og det er gode kollegaer. Det er veldig fint her, lyst og triveleg.

Powered by Labrador CMS