nyhende

Solist framfor eit kor syng medan musikarar sit med instrument og notar på scena.
Per Bjørn Habbestad syng «O helga» natt medan resten av koret stemmer i.

– Eg kjende tårene kom, så kraftfullt og vakkert var det

– No er det sånn at me berre tek ekstranummer viss folk reiser seg, fleipa dirigent Per Bjørn Habbestad etter mykje applaus frå 90 betalande publikum torsdag kveld i Valestrand Kulturkyrkje. 

Publisert Sist oppdatert

Habbestad er framleis ein aktiv dirigent og songar i Sveio sitt blandakor Ad Libitum som han sjølv stifta for 43 år sidan.

Då Valestrand kulturkyrkje planla julekonserten, vart Ad Libitum invitert til å underhalda med mange og vakre songar. Koret har vakse i år, og no er dei i alt 46 medlemmer.

– Me har særleg fått fleire altstemmer, som mellom anna er den djupaste og mørkaste vanlege kvinnelege songstemma, kunne kormedlem Solveig Brynjelsen fortelja.

Kraftfull og nydeleg stemning

Tiril Birkelid, Ingebjørg Halseid Bøe, Signy Hegdal samt Per Bjørn Habbestad var solistar gjennom den om lag to timar lange konserten. Ad Libitum opna med «Mary did you know» og fem andre melodiar før unge og dyktige solist Tiril Birkelid samt den erfarne André Eide på flygelet først gjennomførte «Når himlen faller ned». 

Me fekk etterkvart høyra mellom andre Annie Lennox, Abba, Anne Grete Preus, Alf Prøysen, Trygve Hoff og Frode Alnes sine melodiar.

Då Per Bjørn Habbestad song Jussi Björling sin «O helga natt» og kormedlemmene stemte i, vart det ei kraftfull og nydeleg stemning i kyrkjerommet.

Bønnhøyrt

Else Mønnich Egenberg er styremedlem i Valestrand og Førde sokn. Ho hadde heilt rett i at me er utruleg heldige som har slikt eit dyktig kor i kommunen vår. Når ho så skulle informera om at det på menyen var «pølsa i brød til dei som vil ha det», la ho til at «me har bede om eit brød-under». Det handlar altså om eit sitat frå Bibelen der to fiskar og fem brød skulle metta fleire tusen menneske.

Else Mønnich Egenberg sit ved eit bord i eit soknerom, iført svart genser, skjerf og briller.
Else Mønnich Egenberg, styremedlem i Valestrand og Førde sokn.

Ho og resten av gjengen vart bønnhøyrt – det vart nok pølsebrød til alle.

Tårene kom

Tilbakemeldingane frå publikum var einstemmig. Kirsten og ektemannen Martin Haugland var blant dei mange som sat med gode kjensler under og etter konserten

– Eg kjende tårene kom, så kraftfullt og vakkert var det her i kveld, fortalde Kirsten.

Ho var langt frå aleine om denne opplevinga. Me kan alle gleda oss til neste konsert med blandakoret Ad Libitum, André Eide bak tangentane, samt fleire og gode solistar i ulike aldrar.

Powered by Labrador CMS