nyhende
– Eg likar å hjelpa til
Denne hausten har Andreas Bråtveit Talle og Aiden Haukås Sørskår arbeidspraksis i Vestavind nokre timar kvar tysdag. Dei skal mellom anna laga saker om andre som er i arbeidspraksis.
– Kvar jobbar du?
– Eg jobbar på Sveio omsorgssenter
– Kva likar du best med å jobba her?
– Eg likar å hjelpa til.
– Korleis vil du beskriva arbeidsmiljøet og samarbeidet med dei andre?
– Det er veldig bra, og eg synest det er kjekt å kunna hjelpa til.
– Kva gjer du i løpet av arbeidsdagen?
– Me har ikkje gjort så mykje enno. Me pleier å servera mat.
– Kva lærer du av å jobbe her?
– Eg har nettopp begynt å jobba her, så eg har ikkje lært så mykje enno.
– Kva synest du er det mest utfordrande med jobben?
– Det veit eg ikkje. Eg har ikkje møtt på nokon utfordringar enno.
– Kan du tenka deg å jobba her fast, og vil du anbefala andre å jobba her?
– Eg er litt usikker på om eg kunne tenkt meg å jobba her fast. Men eg vil anbefale det til dei som likar å hjelpa folk og vera sosiale.