nyhende

Portrett av Kristbjørn Rossehaug med kvitt skjegg og raud strikkejakke framfor ei glasfasade.
Kristbjørn Rossehaug.

– Eg saknar eigentleg ikkje noko

Den flotte naturen og det fine miljøet er noko av det Kristbjørn Rossehaug trekk fram som det beste med å vera sveibu.

Publisert

Hei, sveibu!

Namn: Kristbjørn Rossehaug
Alder: 67 år
Bustad: Rossehaug

– Kva gjer du til dagleg? 
– Eg er pensjonist.

– Kva er det beste med å vera sveibu?
– Den flotte naturen, den flotte bygda, folka og det fine miljøet.

– Er det noko du saknar i Sveio? 
– Eg saknar eigentleg ikkje noko.

– Kva er ditt beste Sveio-minne? 
– Å gå på gamle Sveio skule og å få fri den siste timen til å gjera kva me ville.

– Kven i Sveio vil du framsnakka, og kvifor?
– Alle som driv Gjenbruksløa fordi dei jobbar så hardt og er så snille.

Powered by Labrador CMS