nyhende

Liv Marit og Einar Økland står med innramma kunstverk saman med ordførar André Mundal Haukås.
Liv Marit Økland og Einar Økland fekk det synlege provet på at dei fekk årets kulturpris av ordførar André Mundal Haukås.

– Eg visste absolutt ingenting

Då kulturprisen skulle delast ut, hadde Liv Marit Økland ingen aning om at ho sjølv var mellom mottakarane. Overraskinga vart ikkje mindre då det synte seg at ho skulle dela utmerkinga med ektemannen.

Publisert

– Nei, nei, nei. Absolutt ingenting!

Liv Marit Økland ante ingenting då ordførar André Mundal Haukås byrja på grunngjevinga for årets kulturpris.

– Det var veldig overraskande. Det var ikkje i tankane mine, overhovudet ikkje. Eg har berre gjort slik som eg har gjort heile livet, seier ho.

Engasjert i kulturlivet

Gjennom mange år har ho engasjert seg i kulturlivet og lokalsamfunnet i Valestrand. Økland forklarer at det for hennar del aldri har handla om å få merksemd eller anerkjenning, men om å kunna bruka tid på det ho interesserer seg for.

At dette engasjementet no skulle verta lønt med kulturprisen, hadde ho aldri førestilt seg.

Sjølv hadde ho førebudd seg på at ektemannen Einar Økland skulle ta imot kommunen sin kulturpris.

– Eg må tilstå at eg sa med ein gong at det var kona mi som skulle hatt han, her i Sveio. Ho har gjort meir for Sveio enn eg har gjort, seier han.

I grunngjevinga skriv kommunen at Einar Økland i meir enn seks har markert seg som ei av dei mest særeigne røystene i norsk litteratur.

Privilegert

Kona, Liv Marit, har gjennom engasjementet sitt medverka til å skapa arenaer der kulturen kan levast og opplevast. Ho er mellom anna ein av personane bak solidaritetsdagane på Øklandtunet, der ho og ektemannen opnar garden for arrangementet.

Føredrag i biblioteket med Marie Jahren Fludal framfor eit lerret og eit sitjande publikum.
Først heldt Marie Jahren Fludal føredrag om Einar Økland sin forfattarskap for dei frammøtte.

Sjølv meiner ho at det ho har gjort, først og fremst har vore ein naturleg del av livet hennar.

– Eg har berre gjort slik som eg har gjort heile livet. Vore engasjert i folk rundt meg.

Sjølv om ho no har fått kulturprisen, er ho varsam med å framstilla sitt eige engasjement som noko ekstraordinært.

– Det er jo berre privilegert når du får halda på med interessene dine, og det er eit miljø rundt interessene. Så er det jo berre ei gåve, ikkje nokon innsats, vil eg påstå.

Og kunstverket som følgjer med prisen, har dei allereie byrja å tenkja på kvar det skal få plass.

– Det hadde så grei form, så det skal me få til. Over ei fin dør, til dømes, seier ho.

…Den eine har gjennom ord og litteratur sett varige spor i norsk kulturhistorie. Den andre har gjennom eit utrøytteleg engasjement skapt møteplassar, fellesskap og opplevingar for menneske rundt seg. Ikkje minst trur eg de har vore gode støttespelarar for kvarandre – noko som nok er heilt avgjerande for alt de har fått til gjennom mange år. Og saman har de gjort Øklandtunet til ein stad der kultur ikkje berre blir teken vare på, men der kulturen lever, utviklar seg og blir delt med andre…»

Frå delar av grunngjevinga

Powered by Labrador CMS