nyhende

Karina og Tore Birkeland står framfor eit hus med lys trekledning.
– Skal ein gjennomføra eit så omfattande rehabiliteringsprosjekt, må ein vera to som jobbar godt i lag, seier Karina og Tore Birkeland.

Ei perle står fram or rivingstruga hus

Huset som lenge låg gøymt og var gløymt, er i løpet av det siste året blitt forvandla til ei perle, både utanpå og inni.

Publisert

Det kvitmåla huset ønskjer oss velkomen i kveldssola. Forseggjorde pyntelister og utskjeringar kring vindauga ber bod om flid, tolmod og estetisk sans hos handverkarane. Jamvel øvst i mønet er ei sirleg utsmykking komen på plass.

Æra for forvandlinga av dette byggverket, som for eit år sidan var nærast rivingsklart og dømt til utsletting, går til Karina og Tore Birkeland. Kor mange timar dei har brukt på riving, gjenoppbygging og innreiing, veit dei knapt sjølve. Men resultatet er lysande, kvitt og nymåla på utsida.

Kva dei kan vise fram innvendig i den nye heimen, det såkalla Kitty-huset, kan me førebels berre ana.

Stor endring

Det har gått eitt år sidan me første gongen var på byggjetomta. Då var restaureringsarbeidet nett kome i gong. Karina og Tore hadde starta med taket, der alle skiferhellene måtte takast ned for spyling og reinsing, medan taket under måtte fornyast og til dels byggjast opp att. Nå ser skifertaket heilt og nylagt ut. I tillegg er nye beslag og takrenner i aluminium ferdig monterte.

Beltegravemaskin står på ein steinrik gardsplass framfor eit hus i skogkledd terreng.
I løpet av vinteren blei gardsplassen utvida ved at fjell blei meisla bort.

Gardsplassen er blitt mykje større. Tore fortel at han, med stor velvilje frå arbeidsgivaren sin, har fått låna gravemaskin med meisel.

– Fjellet kring huset er det me kallar «råtafjell», så det går greitt å hogge det laus, fortel Tore. 

 Den frigjorde uteplassen og massane som blei meisla laus, skal danna grunnlaget for nye byggjeprosjekt hos dette driftige paret. Men dette skal me kome tilbake til.

Karina ønskjer oss velkomne inn gjennom hovuddøra. Ho ber samstundes om orsaking for at inngangspartiet førebels ikkje er heilt ferdig. Men dette skal også bli ein del av dei nye prosjekta me skal fortelja om seinare.

Ei varm og lun kjensle

Sist i juni flytta dei nokre hundre meter frå heimegarden til Tore på Birkeland, nær Vågedalen. Neste generasjonen på Birkeland, Joachim og Anne, har nå teke over garden.

Dei to stovene i Kitty-huset gir oss straks ei varm og lun kjensle. Veggene er brunbeisa, men strukturen i dei gamle tømmerveggene kjem tydeleg fram. Veggene er delvis pynta med gamle og nye fotografi.

Her finn me mellom anna eit portrett av Kitty, ho som huset er kalla opp etter. Hennar fulle namn var Kristine Elisabeth Strømsvold, ho var sjukepleiar og eigde og budde i huset saman med to søstrer. 

Historisk svart-kvitt foto av eit nyoppført trehus med hage og to personar framfor.
Foto teke av huset kort tid etter at det stod ferdig tidleg på 1930-talet.
Svartkvitt portrett av Kristine Elisabeth «Kitty» Strømsvold i lys bluse.
Ho som huset har fått namn etter, Kristine Elisabeth Strømsvold. Men ho blei oftast berre kalla for Kitty.

Eit anna fotografi på veggen viser korleis huset såg ut kort tid etter at det blei bygd, truleg først på 1930-talet.

Dei to stovene er møblerte med dels nye og dels gamle møblar. Karina fortel av salongmøblane i den eine stova er arvegods frå hennar besteforeldre. 

– Me er begge opptekne av å ta vare på historia og er medvitne om gjenbruk av møblar og andre gjenstandar, seier Karina. Ho kan mellom anna visa til fleire pyntegjenstandar i hyller og på veggane, som peikar bakover i tida. Nokre gjenstandar er kjøpte i bruktbutikkar og på loppemarknader, medan andre ting er arvegods.

Nye vindauge

Mest mogleg gjenbruk av materialar frå det gamle Kitty-huset har dei også hatt som ei rettesnor gjennom restaureringa, men alle vindauga i huset er skifta ut.

– Dei to store stoveglasa, som vender ut mot Fv. 47, har begge tre-lags glas. Dette for å dempa støyen frå trafikken. Elles har me sett inn vindauge med to-lags glasruter, opplyser Tore.

Lun stove med dekt trebord, store vindauge, mørke møblar og hyller med keramikk.
Ei lun og varm kjensle oppstår når ein kjem inn i stova.

Han fortel vidare at vindaugsrammene mot riksvegen er av tre, medan dei andre vindauga er av PVC. Alle vindauga er likevel bestilte på mål frå fabrikk, slik at dei skulle passa nøyaktig i dei opningane i veggene som var der frå før.

Fôringane kring vindauga har dei laga sjølve, medan listene rundt vindaugsrammene i stova er gjenbruk av dei gamle.

Karina peikar på at mest alt listverk kring i huset er gjenbrukte lister, som dei har pussa og måla om att.

Pussing og maling

Det same gjeld golva i huset. Her fann dei ymse lag med gamal linoleum og restar av andre golvbelegg som måtte fjernast. Deretter blei det eit omfattande arbeid med sliping og pussing av dei gamle golvplankane, før dei til slutt blei malt tre gonger i ein innbydande, lys gråfarge.

I det heile kan oppussarane fortelja om eit særs omfattande og tidkrevjande handarbeid på innsida av Kitty-huset. Ikkje minst gjenvinninga av dei lune tømmerveggene kravde sitt.

Beisa tømmervegg med farga glasfelt og mørkt vitrineskap med keramikk.
Tømmerveggene er henta fram att bak tapet og papp og deretter beisa slik at strukturen viser.

Karina hentar fram eit album, der ho mellom anna har teke vare på små avisutklipp, som dei fann bak tapet og veggpapp. Her ligg det utklipp frå Haugesund Dagblad, som inntil hausten 1972 var den andre store avisa i Haugesund. Utklippa er frå siste halvdel av 1930-talet og frå første åra av 1940-talet. 

– Ein langvarig og krevjande prosess måtte til for å skrapa og dels pirka bort gamal tapet og andre lag som dekte tømmerveggene. Deretter måtte veggene setjast inn med eit kjemisk middel mot mått, før dei kunne pussast og beisast. Det blei mange timar i eit støvfullt miljø, kan Karina forsikra.

Kjøkken og tapet

Dei gamle og doble dørene i heiltre, mellom dei to stovene i første høgda, er i seg sjølv eit lite monument over gjenbruksvilje, tolmod og pågangsmot hos dei to handverkarane. Begge dørene er originale og stod tidlegare på same staden i huset. Dei måtte slipast og pussast ned, og deretter har dei fått fire strøk med maling. Same grundige behandling er gitt til innvendige dører, lister og fòringar kring vindauga. 

Kjøkenet er også gjenbrukt, i den tydinga at det finst på same plass og har same storleik som før restaureringa. I det vesle rommet har dei fått plass til alle moderne hjelpemiddel. På eine veggen har dei funne rom for kjøleskap og ei søyle med komfyr som inneheld steikeomn og mikrobølgjeomn. Koketoppen finst på kjøkenbenken framfor vindauget på motsett vegg.

– Her måtte me krympa vindauget litt, elles ville kjøkenbenken bli for låg, seier Tore.

Trappa opp til andre høgda er den same som før, men både trappetrinn og rekkverk har fått ein langt meir dempa grønfarge enn tidlegare.

Straks me kjem opp frå trappa, møter me veggen – men på ein estetisk og fin måte. Veggen er kledd med ein nøye utvalt tapet med store roser i ein djupraud farge.

Karina kan fortelja om leitinga etter høveleg tapet: Ho ville ha tapet med gammaldagse mønster og fargar som høvde til interiøret og fargane i dette spesielle huset. Då måtte ho til Sverige, og via internett fann ho fram til papirtapet både til kjøken og loft.

Vatn, straum og varme

I andre høgda er også eit nytt sikringsskap med automatsikringar og jordfeilvern kome på plass. Heile det elektriske anlegget i huset er skifta ut. Det same er alt røyranlegget.

Til å installera slike anlegg har dei langt på veg sjølvhjelpne oppussarane leigd inn profesjonell hjelp.

Den gamle skorsteinen har overlevd oppussinga. På loftet viser han tydeleg ei skrå stilling. Men inn i det gamle pipeløpet er det montert eit fleksibelt stålrøyr.

Svart vedomn med ved i luka står mot ein grøn vegg ved sida av eit lyst kjøkken.
Ein ny vedomn er komen på plass ved den gamle brannmuren.

Dermed kunne det installerast ein vedomn i første høgda.

– Me ville ta vare på den gamle brannmuren og fekk plass til omn i kråa i stova. Den er rett nok mindre og enklare enn det me hadde drøymt om. Men den nye fungerer bra, og me har rikeleg tilgang på ved, seier Tore.

Huset er blitt isolert med 10 centimeter isolasjonsmatter utanpå tømmerveggene, før vindsperre, asfaltplater og ny kledning blei monterte.

Men i tillegg til vedomnen er det installert varmepumpe i den eine stova.

– Fyrings- og straumutgiftene ser ut til å bli akseptable. Sist månad var straumrekninga på 800 kroner, seier Tore.

Eit godt arbeidslag

– Men kvar hentar de pågangsmot, energi og inspirasjon til eit så omfattande og langvarig prosjekt?

– Me er jo begge i jobb, så det kan ofte vera freistande å leggja seg på sofaen etter middagen i den mørke tida av året og bli liggjande der, seier Tore. 

– Men då gjer det likevel godt å reisa seg og dra til til Kitty-huset for å gjera litt kreativt arbeid, som du dessutan ser tydeleg resultat av.

Veg med gamaldags blomstermønstra papirtapet, kvit dør til venstre og opning til eit anna rom til høgre.
Papirtapet med gamaldags mønster blei funne i Sverige.

Karina legg til at det er heilt avgjerande at begge er motiverte, og ikkje minst at dei arbeider godt saman som eit team og utfyller kvarandre.

Tore er samd i dette og legg til at dersom han skulle stått i dette åleine, hadde han aldri begynt.

Men Karina vedgår at det iblant har vore nedturar og innslag av pessimisme.

I vinter var det mange kalde og mørke kveldar. Dei greidde så vidt å halda varmen under arbeidsøktene. Huset vart det ikkje kopla til straumnettet før i mai. Eit aggregat skaffa mellombels både lys og straum. Etter kvart fekk dei tak i ein liten dieselvarmar som fekk opp temperaturen nokre grader. 

– Då var det viktig å kunne oppmuntra kvarandre, seier Karina.

Nye prosjekt

Sjølv om dei har flytta inn i den nyrestaurerte perla, er planane likevel mange for nye prosjekt. 

Aller først skal eit tilbygg ved inngangspartiet gjerast ferdig. Golvet er støyp og isolert, i tillegg er tak og veggar reiste. Rommet på om lag 20 kvadratmeter skal innehalda garderobe og bad.

Trebygg under oppføring med grusa uteområde, materialar og eit tilbygg ved inngangspartiet.
Ved sida av inngangspartiet er det i ferd med å reisa seg eit tilbygg med bad og garderobe.

– Eg håpar å kunne dusja i det nye badet før vinterkulda set inn. Nå må me ut og rundt huset ettersom den einaste dusjen finst i kjellaren, seier Karina.

Kjellaren skal dessutan innreiast som hobbyrom for begge. Tore fortel at kjellarrommet blei utvida monaleg då han meisla vekk og køyrde bort store  mengder stein frå eit skrått berg som tok plass i kjellarhøgda tidlegare.

Kvit einebustad med gruslagt gardsplass, trevirke og byggjematerialar til eit planlagt drivhus.
På gardsplassen skal det byggjast drivhus.

Men byggjeplanane stoppar ikkje der:

Ute på tunet er det alt støypt ein ringmur, der det nye 20 kvadratmeter store drivhuset skal stå. Det skal byggjast med isolerte vegger, medan dei gamle vindauga frå Kitty-huset skal gjenbrukast. Taket skal bli gjennomsiktig, slik at solstrålene skal få varma opp lufta der inne til alle urter og grønsaker som skal dyrkast.

Karina ser føre seg at drivhuset også skal bli eit lysthus og at morgonkaffien kan nytast der om våren og sommaren.

Powered by Labrador CMS