nyhende
Éin av fem kan ikkje lage mat utan straum
Kva hjelper det å ha mat på lager når du ikkje kan tilberede han dersom straumen blir borte? To av ti kan nemleg ikkje lage mat på propan eller open eld, og tre av ti kan ikkje vurdere om maten er trygg.
Det kjem fram i ei gransking matforskingsinstituttet Nofima har gjennomført.
– Det er betryggande at så mange har denne kompetansen, men urovekkjande at éin av fem ikkje får laga mat utan straum, seier seniorforskar Ragnhild Eg hos Nofima i ei pressemelding.
Over halvparten av dei spurde meiner at det er eit visst sannsyn for at dei kan komme til å trenge matberedskap for ei veke. Då er det også fare for at dei må lage mat utan kjøleskap, frysar og komfyr som verkar, og utan eit internett å hente oppskrifter og sjølvbergingstips frå.
Kan dyrke, fiske og sanke
Sju av ti seier at dei kan skaffe mat. Dei kan dyrke og fiske, og nokre kan sanke mat i naturen. 57 prosent kan konservere han – først og fremst ved å sylte. Langt færre kan salte, speke, tørke eller hermetisere, og dei eldre trekkjer opp gjennomsnittet.
– Det å skaffe mat sjølv er ikkje nødvendig den første veka dersom du har god matberedskap. Men viss det er varmt og straumen går, kan du raskt få bruk for å kunne konservere mat, sjølv om straumen «berre» er borte i sju dagar, seier Eg.
81 prosent kan lage mat på propan eller eld
– Viss vi tenkjer på dei sju dagane vi skal klare oss sjølv, blir det vanskeleg for dei som ikkje har nok matberedskap, dei som ikkje får laga maten og dei som ikkje kan vurdere mattryggleiken, meiner ho.
81 prosent av dei spurde har grill, kokeapparat eller stormkjøkken. Dei som har desse alternativa, er mange av dei same som seier at dei kan lage mat på dei.
– At 80 prosent kan lage mat på propan eller eld, høyrest fabelaktig ut. Men det betyr at 20 prosent ikkje får laga mat viss straumen går. Kan dei forvente at andre skal ta ansvaret for dei? spør Ragnhild Eg.