nyhende
Ein kommentar frå ein seksåring vart til festival på Tjernagel
Det som starta med ein spontan kommentar frå ei seks år gammal tantejente, har utvikla seg til ein årleg musikkfestival i hagen til Linda Maria Anthonia Hidle og Reidar Friis Thorsen.
– Hadde det ikkje vore kjekt med ein festival?
Spørsmålet kom medan familien diskuterte kva dei kunne bruke den store sletta nedanfor huset til. Området hadde dei brukt mykje tid på å rydde for kratt og vegetasjon, og kommentaren vart ikkje gløymd.
Tre år seinare kunne rundt 80 gjester samlast til Lindefestivalen på Tjernagel, med levande musikk, aktivitetar for born og grilling i hagen.
– Dette er tredje året me arrangerer festivalen. Opprinnelig var det det eit arrangement for familie og venner, men frå i år blei det eit offentleg arrangement. Me håpar dette er noko me kan halda fram med i mange år, seier Linda.
Under lindretreet
Mange har stussa på namnet Lindefestivalen, men forklaringa er enkel.
– Nokre trur festivalen er oppkalla etter meg, men det stemmer ikkje. Då me bygde scena, plasserte me henne rett under eit stort lindetre. Difor vart det Lindefestivalen, fortel ho.
Scena har blitt eit naturleg samlingspunkt i hagen, og eit mål med festivalen er å gi lokale artistar ein arena å opptre på.
– Her ønsker me at unge lovande sveiomusikarar tek kontakt om dei vil vise fram talentet sitt fram på scena her hos oss, seier Linda.
Frå rock til visesong
På scena laurdag var det først rockebandet Nyskilt69 frå Bømlo som fekk publikum i gang. Bandet skildrar sjølv repertoaret som variert.
– Det er både songar der det kanskje er greitt at ungane ikkje forstår alt som blir sunge, og litt snillare songar, sa vokalisten Sebastian Bjerche
Seinare på dagen stod bømloartisten Åsmund Nesse på scena. Han gav nyleg ut albumet «Indiemann» og serverte publikum sine eigne visesongar.
Festival for heile familien
Lindefestivalen er like mykje ein familiefest som ein musikkfestival. Rundt om på eigedomen var det aktivitetar for born i alle aldrar, med mellom anna badminton, frisbeegolf, sandkasse og trampoline.
For dei minste hadde Maria Helene Bjerche, dottera til Linda, arrangert skattejakt rundt i hagen.
Samtidig var grillane varme gjennom heile dagen, og gjestene kunne ta med eigen grillmat. Arrangørane stod for kafè med kaffi og kaker.
– Me ønskjer at dette skal vera ein avslappa hagefestival der folk kan koma og gå som dei vil. Og høyra på god musikk, seier Linda.
Planlegg allereie neste år
Vêret har også vore på arrangørane si side.
– Me har vore utruleg heldige. I fjor hadde det regna i vekesvis før festivalen, men akkurat den dagen vart det fint vêr. Det same skjedde i år.
For å førebu årets arrangement hadde arrangørane både drenert området og sådd ny plen.
– Då me kjøpte tomta kor Lindefestivalen blir arrangert, var det mykje kratt her. Det ligg mange arbeidstimar bak området slik det ser ut i dag, fortel Linda og Reidar.
Og for dei som ikkje fekk med seg Lindefestivalen i år, så blir det ny moglegheit til neste år, då planlegginga allereie er i gong.