nyhende
– Eit av dei beste NM arrangørmessig
Det var ein av mange gode tilbakemeldingar Haugaland gjetarhundnemd fekk etter NM i gjetarhund i Etne i helga. Her var fleire sveibuar sentrale, både i arrangørstaben og som deltakarar.
Det er første gong Haugaland gjetarhundnemd arrangerer NM, og første gong NM har vore i Etne. Kor mange timar førebuingar den 10 mann- og kvinnestore NM-komiteen i Haugaland gjetarhundnemnd har lagt ned har dei ikkje tal på.
– Det er gløymt når me klarte å levera eit så godt arrangement. Me har fått mange og veldig gode tilbakemeldingar frå både deltakarar, publikum og dommarane, som kom frå Skottland og Wales, fortel sveibuen Frode Handeland. Han er leiar i Haugaland gjetarhundnemnd og var øvste ansvarlege for NM.
– Me fekk mellom anna tilbakemelding på at dette hadde vore eit av dei beste NM arrangørmessig, skyt Anne Bakke Handland inn, når Vestavind intervjuar dei på veg heim til Sveio etter opptak hos TVHaugaland måndag.
Mest mogeleg like forhold
Vêret får ein ikkje gjort så mykje med, men konkurranseområdet og kva sauer ein brukar har mykje meir å seia.
– Det første eg sette som krav for å seia ja, var at me kunne få bruka Erlend Kvinnesland frå Karmøy sine sauer. Dei er hundevande, blir trent på jamnleg og er jamne flokkar. Med det flotte konkurranseområdet på Tesdal, og ein logistikk som fungerte optimalt, blei det like forhold for alle 90 ekvipasjane, og det er me veldig nøgde med, seier Handeland.
Med logistikk meinast mellom anna at flokken som sist er gjeta på, hunden som har gjeta og handlaren raskt kjem ut av banen. Og like raskt skal ein ny flokk, ny hund og handlar på plass og starta sin sin runde.
Gjekk ikkje heilt som håpa
Ansvarleg for logistikken var Kenneth Tverfjell. Han deltok også i konkurransen, saman med ein annan sveibu, Håkon Rossehaug.
– Det gjekk ikkje heilt som dei hadde håpa, og det vart ikkje finale på nokon av dei. Men det er imponerande at dei kvalifiserte seg til NM. Det er svært mange som konkurrerer over heile landet, og ein tøff kamp om dei 90 NM-plassane. Eg og Anne prøvde, men klarte det ikkje, seier Handeland.
– Kva var det mest utfordrande?
– Vêret, og å rekka å få gjennom 45 deltakarar dei to kvalifiseringsdagane frå det er lyst nok til det blir for mørkt. Det er viktig at alle får godt lys, og me rakk det akkurat fredagen, fortel Handeland.
Vêret blei betre enn meldt, og det var i tillegg rigga eit stort telt slik at alle som kom, både tilskodarar og deltakarar kunne stå og sitta tørt og følga med på det som føregjekk ute på banen.
NM i Sveio?
– Er de klare for å arrangera NM igjen?
– Ja! Men ikkje dei aller første åra. Etter å ha sove lite og ete lite desse dagane, var det godt å komma heim søndag kveld og sovna i eiga seng.
– Blir det NM i Sveio neste gong sidan halve NM-komiteen var sveibuar?
– Det kan det bli om me finn ein stor og god nok bane. Men me kan arrangera både fylkesmeisterskap og Norgescup-finalar i Sveio, seier Handeland.
Suveren vinnar
Vinnaren, Peter Landfald frå Verdal, var i ein klasse for seg sjølv. Han hadde startnummer 1 med hunden Lilli i kvalifiseringa. Dermed kunna alle dei andre deltakarane gå på hans resultat i kampen om 16 finaleplassar søndag.
Langfald stilte også med hunden Birk, og klarte imponerande nok å ta både 1. og 3. plass i finalen. Vinnaren ble Lilli med 289 poeng, medan Birk fekk 263 poeng. Mellom desse to kom Karin Mattsson og Lucy med 263 poeng, så Langfald var ikkje langt unna å ta både 1. og 2. plass.
I 2023 blei Langfald verdsmeister då VM i gjetarhund blei arrangert i Nord-Irland. Likevel var dette første gong han tok med seg den gjevaste pokalen heim frå eit NM.
— Eg har prøvd mange gonger utan å klara det, så det var kjekt å vinna, sa Landfald til Grannar etter sigeren var klar.
Han var stornøgd med å stå øvst på pallen, og med arrangementet i Etne.