nyhende

FN-dagen baud på mange innslag. Her fekk Kjetil Nesbu og dei andre eit glimt av Sør-Sudan si histore og tradisjonar.

Eit eventyr på godt og vondt – langt heim­anifrå

40 varmegrader, eselkjerrer med vatn, gategutar som ønskjer seg ein fotball og menneskemøte som set spor. For Kjetil Nesbu er kvardagen i Sør-Sudan langt frå det han kjenner frå norsk politi.

Publisert

40 varmegrader, eselkjerrer med vatn, gategutar som ønskjer seg ein fotball og menneskemøte som set spor. For Kjetil Nesbu er kvardagen i Sør-Sudan langt frå det han kjenner frå norsk politi. No har han sett den trygge politikvardagen på pause for å bidra gjennom FN i eit av dei mest krevjande områda i verda.

Det er langt frå Etne og Vindafjord til Sør-Sudan. Likevel er det nettopp denne reisa Kjetil Nesbu har valt å ta. Etter mange år i norsk politi ønskte han å prøva noko nytt, bruka erfaringane sine på ein annan arena og bidra med noko meir.

Både gode og vanskelege situasjonar

Nesbu, som bur i Skjold saman med kona Gunnbjørg, arbeidde i Etne og Vindafjord frå 2005 til 2009. Han var tilbake i ein periode på ni månader i 2019 for å hjelpa med bemanningssituasjonen. Seinare gjekk vegen vidare til Utrykkingspolitiet, der mange nok kjenner han frå.

Gjennom åra har han fått oppleva det meste av det politiyrket har å by på: kongebesøk, trafikkteneste, leiteaksjonar, naturkatastrofar, brannar og møte med menneske i både gode og vanskelege situasjonar.

Kjetil Nesbu har jobba for UP ein del år, og har mellom anna vore mykje i Sveio. Her er han på trafikkontroll i Førde.

No har han fått ein heilt ny arbeidskvardag.

— Eg har lenge hatt eit ønskje om å bety ein forskjell og bidra på andre arenaer. Det har alltid vore ein viktig del av motivasjonen min for å jobba i politiet, seier han.

Eit nålauge å koma gjennom

Moglegheita kom gjennom ei intern utlysing i politiet. Etter søknad og ein omfattande seleksjonsprosess, leia av eit team frå Kripos, fekk han tilbod om teneste i FN-operasjonen UNMISS – United Nations Mission in South Sudan.

Det er ikkje mange som får denne moglegheita. Nesbu er ein av fleire norske politifolk som for tida tenestegjer i Sør-Sudan gjennom FN. Han arbeider som politirådgjevar, eller Police Advisor, og oppgåva er mellom anna å bidra til utvikling av lokalt politi og tryggleik for sivilbefolkninga.

Heime er han avsnittsleiar ved eit patruljeavsnitt i Haugesund. I Sør-Sudan er rolla ei heilt anna. Her handlar det i stor grad om rettleiing, rådgjeving og samarbeid med lokalt politi.

Barn og vaksne i fargerike klede framfor store telt på ein open plass.
– Eg har lenge hatt eit ønskje om å bety ein forskjell og bidra på andre arenaer. Det har alltid vore ein viktig del av motivasjonen min for å jobba i politiet, seier Nesbu.

Som utsendt FN-personell har han eit blått servicepass. Dette kan mellom anna gje enkelte forenklingar ved grensepasseringar og passkontrollar, men er ikkje det same som eit diplomatpass.

At han kunne reisa, skuldast ikkje minst støtta heimefrå.

— Eg har ei svært raus kone som har støtta meg heile vegen. Det har vore heilt avgjerande for at eg kunne takka ja, fortel han. 

Eit kaos med sin eigen rytme

Det første møtet med Sør-Sudan kom allereie på flyplassen i hovudstaden Juba. Utanfor terminalen venta ein verkelegheit som var langt frå den norske. Små buer og enkle bustader låg tett langs vegane, gategutar prøvde å tena nokre kroner, og trafikken såg ved første augekast ut til å vera eit einaste stort kaos.

Men også dette kaoset har sin eigen rytme.

Motorsyklar, bilar og menneske deler vegen. Dei såkalla bodabodaene, små motorsyklar, er eit vanleg transportmiddel. Nesbu har sett motorsyklar med fem personar om bord, der føraren i tillegg har eit lite barn på fanget. Ingen brukar hjelm, og somme manglar til og med bremsevaier.

Dette er heilt vanlege syn i kvardagen.

Ein arbeidsdag langt frå norsk politi

Arbeidsdagen startar gjerne med ei kort orientering på kontoret. Deretter reiser Nesbu og kollegaene ut i ulike område for å møta lokalt politi og innbyggjarar.

Med seg har dei ein såkalla Language Assistant, som ikkje berre fungerer som tolk, men også hjelper med kulturell forståing og kommunikasjon.

Arbeidet omfattar patruljar, møte, undersøkingar og rettleiing av lokalt politi. Nokre patruljar varer berre ein dag, medan andre går over fleire dagar.

Alt skal dokumenterast, og både samtalar og rapportar går føre seg på engelsk. Den største forskjellen frå norsk politi er at han ikkje har ei operativ rolle på same måte som heime. Sjølv om FN-mandatet handlar om å verna sivile og opnar for å avverja lovbrot, kan det vera både uklokt og farleg å gripa direkte inn.

Uniformert tenesteperson med caps står framfor ein bygning og ein open grusplass.
Han møter også fattigdomen på nært hald. Når han går i butikkar, kan det stå mange gategutar rundt og be ommat og pengar.

For ein politimann som er van med å handla, kan det vera frustrerande å måtta finna løysingar gjennom andre.

Når vatn blir luksus

Noko av det som har overraska Nesbu mest, er kor annleis dei grunnleggjande behova blir løyste. Reint vatn er ei sjølvfølgje for dei fleste av oss i Norge. I Juba er det annleis.

Unge gutar køyrer rundt med eselkjerrer og sel vatn frå store tankar. Ein tank kan romma 500–700 liter, og 20 liter kostar rundt 1000 sør-sudanske pund – om lag 1,20 norske kroner.

Det høyrest kanskje billeg ut, men når inntekta er svært låg eller heilt fråverande, blir også dette mykje pengar.

Avfallshandteringa er eit anna døme på dei store forskjellane. I Norge tenkjer me knapt over renovasjonsordninga, men i Juba er det lite organisert søppelhenting. Plast, papir og gamle sandalar ligg spreidde langs vegane og rundt bustadområda.

Det er mange ting me tek for gitt heime, som plutseleg får ein heilt annan verdi når ein ser korleis andre lever.

Ein fotball kan bety mykje

Det er likevel ikkje dei materielle manglane som har gjort sterkast inntrykk. Det er menneska.

Nesbu fortel om sør-sudanesarar som møter dei med varme, openheit og eit stort ønskje om å snakka saman. Når dei set seg ned under patruljane, kjem det fram at folk ønskjer mykje av det same som oss her heime: arbeid, tryggleik, fred og ei framtid for familien.

Eit møte med ei gruppe unge gutar vart eit godt døme på kor lite som somme tider skal til for å skapa glede.

Under eit møte i ein bydel fortalde gutane at dei hadde få aktivitetstilbod. Det einaste dei eigentleg ønskte seg, var ein fotball.

Nokre veker seinare reiste Nesbu tilbake saman med den svenske kollegaen Matilde. Denne gongen hadde dei med seg ein fotball, sponsa av eit idrettslag i Sverige.

Før dei hadde rukke å starta bilen etter møtet, var gutane i full gang med å spela mellom motorsyklar, mangotre og andre hindringar.

Ingen kunstgrasbane, ingen garderobar og ingen organiserte treningstider. Berre ein ball og ein gjeng med glade ungdomar. For Nesbu vart dette eit av dei gode augneblinkane i oppdraget.

Gruppe menneske sit framfor ein blåmåla bygning med ein mann i uniform i midten.
Skulebesøk i Sør-Sudan. FN på besøk og mange nye inntrykk for både store og små.

Eit møte som set spor

Eit anna møte har gjort eit særleg sterkt inntrykk.

Nesbu har ein bror med Downs syndrom, og har difor eit nært forhold til menneske med utviklingshemming. Han hadde undra seg over at han nesten ikkje hadde sett menneske med andre utviklingshemmingar utover fysiske funksjonsnedsetjingar i Sør-Sudan.

Så møtte han ein lokal gut på 13-14 år med Downs syndrom.

Guten hadde eit fantastisk blikk og kunne litt engelsk. Det tilfeldige møtet har prega Nesbu i fleire dagar, og han ønskjer å bruka noko av den kapasiteten han har til å følgja opp guten vidare. Det er slike møte som gjer at oppdraget blir meir enn ein jobb.

Ein kvardag utanfor komfortsona

Alt er likevel ikkje enkelt. Nesbu har mellom anna opplevd at nokon prøvde å stela frå han på ein marknad. Han merka at nokon pirka i kleda hans, og måtte raskt skjerpa merksemda.

Også kulturforskjellane i det internasjonale arbeidsmiljøet krev tilpassing. Kollegane kjem frå mange ulike land og har forskjellige erfaringar og arbeidsmåtar. Det som verkar heilt naturleg for ein nordmann, kan vera framandt for andre.

Han møter også fattigdomen på nært hald. Når han går i butikkar, kan det stå mange gategutar rundt og be om mat eller pengar. Gir ein noko til ein, kan det raskt dukka opp mange fleire med det same behovet.

Det er vanskeleg å ta inn over seg alle skjebnene ein møter, og ein må læra seg å leva med at ein ikkje kan hjelpa alle.

Eit land nordmenn veit lite om

Sør-Sudan får sjeldan mykje plass i norske medium. Samstundes står landet overfor store humanitære og politiske utfordringar.

Dårlege regnperiodar har påverka avlingane, og det er uro knytt til tørke og fare for matmangel. Den politiske situasjonen er også krevjande, og det varsla valet kan få stor betydning for utviklinga i landet. Bak overskriftene finst menneske som først og fremst ønskjer ein trygg og vanleg kvardag.

36-40 grader og heimreise til jul

Temperaturen ligg for tida mellom 36 og 40 grader. Det er langt frå norske forhold, og varmen er ein fast del av arbeidskvardagen.

Mann på kne saman med fem barn og ein hund på ein grusveg under eit tre.
– Det er fantastisk og forferdeleg, artig og grusamt, gledeleg og trist, givande og frustrerande på same tid. Men først og fremst er eg glad for å få lov til å bidra, seier Nesbu.

Etter planen skal Nesbu reisa heim til Norge til jul. Heimreisa fell saman med ein periode der det er venta val i landet, og det kan føra til at reiser både internt i Sør-Sudan og over landegrensene blir meir krevjande. Dette er likevel noko FN-personellet er førebudde på.

Arbeidsmiljøet han opererer i, er uføreseieleg. Situasjonen kan endra seg raskt, og det kan oppstå behov for å finna andre løysingar enn dei som opphavleg var planlagde. Difor har Nesbu alltid med seg ein liten sekk med det mest nødvendige, slik at han kan klara seg åleine i nokre dagar dersom situasjonen krev det, også utanfor FN-systemet.

Fram til heimreisa ventar fleire månader med nye opplevingar og arbeidsoppgåver. Oppdraget skal etter planen vara til august 2027.

— Det er fantastisk og forferdeleg, artig og grusamt, gledeleg og trist, givande og frustrerande på same tid. Men først og fremst er eg glad for å få lov til å bidra.

Kva tek han med seg heim?

Det er kanskje det spørsmålet Nesbu er mest spent på sjølv.

Han veit ikkje korleis møta med menneska, kontrastane og den heilt annleis kvardagen vil påverka han på lengre sikt. Kanskje vil han sjå utfordringane me har i Norge med nye auge. Kanskje vil han sakna meir av Sør-Sudan enn han kan førestilla seg i dag.

Han trekkjer fram noko så enkelt som handhelsinga. I Sør-Sudan helsar dei varmt og skikkeleg på kvarandre, sjølv om hendene er skitne og fluene surrar rundt. Små ting som likevel kan gjera inntrykk.

Til andre som vurderer å forlata ein trygg jobb for å prøva noko heilt anna, har han eit tydeleg råd: Ver open med dei næraste, sørg for å ha dei i ryggen, og bruk god tid på å finna ut kva som eigentleg motiverer deg.

For Kjetil Nesbu har oppdraget allereie gitt erfaringar han aldri ville fått ved å bli verande i norsk politi.

Han veit ikkje heilt kva han kjem til å ta med seg heim i bagasjen når oppdraget ein dag er over.

Men det er liten tvil om at han kjem heim med noko langt meir verdifullt enn det som får plass i ein sekk: nye perspektiv, sterke menneskemøte og ei erfaring som vil følgja han resten av livet.

Powered by Labrador CMS