nyhende
Eit stykke sunnhordlandshistorie på bygdagudstenesta
Sydnestunet i vestbygda blir samlingsstad for kyrkjekaffien når bygdegudstenesta blir arrangert i Førde 5. juli. Leiv Kristen Sydnes og kona Kirsti opnar både heimen og familiehistoria si for dei besøkjande.
«Kristofer Sydnes var ein personlegdom av dei meir sjeldsynte. Han hadde so mange interesser og kunde spela på so mange strengjer når det var eit mål han vilde nå. Kunnskapsrik som han var, kunde han med tyngd leggja seg burt i ordskifte om ymse emne, og med den sermerkte og fyndige måten han bar tankane sine fram på, vart han høyrd og lagt merke til.»
Dette er eit kort utdrag frå minneord om Kristofer Sydnes, trykt i Sunnhordlandsmuseet si årbok i 1962.
Kristofer Sydnes vaks opp på Sydnes på Halsnøy, og busette seg i Førdebygda i 1911 då han fekk jobb som lærar. Både i Førde og utover regionen sette han spor etter seg på ei rekkje område. Han var mellom anna mannen som etablerte Sunnhordland Folkemuseum, skreiv Førdesongen og Sunnhordlandssongen, arbeidde for å verna om kulturminne og nynorsk språk, og engasjerte seg i alt frå småbrukarlag til foredragsverksemd. Søndag 5. juli ønskjer barnebarnet Leiv Kristen og Kirsti Sydnes velkomen til det som var heimen til Kristofer Sydnes og kona Gudrun.
Samla inn kulturminne frå heile distriktet
Kristofer hadde eit stort engasjement for å ta vare på kulturhistoria. Han reiste rundt i heile distriktet og samla inn gjenstandar og kulturminne.
– Det vart sagt at når Kristofer kom på besøk, måtte folk passa godt på gamle ting, elles kunne dei fort hamna på museum, fortel Leiv.
Ei støtte i museumsarbeidet var gratis reiser med både HSD og Haugesund-Tittelsnes Rutebillag. I HSD sitt årsskrift skreiv han om alle stoppestadene som HSD hadde i Sunnhordland. Han stod også i spissen for arbeidet med Sæbøtunet i Etne og restaureringa av Halsnøy kloster, og han både engasjerte seg i og starta opp fleire lag.
– Før farfar kom til Førde, var han lærar i Suldal. Då var han 21 år, og her starta han både mållag, skyttarlag, idrettslag og fråhaldslag. Han må ha vore ein frimodig mann som såg moglegheiter og fekk ting gjort, seier Leiv som fortel at han har funne brev som viser at farfaren skreiv til Samferdselsdepartementet og fekk innvilga midlar til å byggja bru i Suldal.
Arva etter ein målmann
Kristofer Sydnes var også ein ihuga forkjempar for nynorsken, noko Leiv sjølv har fått kjenna seg att i.
– Då eg arbeidde ved Universitetet i Oslo, fekk eg ein gong klage på at breva mine var skrivne på nynorsk, og eg blei beden om å slutta med det. Då kjende eg at slektsblodet verkeleg vakna. Eg svara at ein ting var sikkert: Alt eg skreiv heretter kom utelukkande til å vera på nynorsk.
Leiv fortel at interessa for historie og kultur gjekk att gjennom heile livet til farfaren. Saman med Leiv sin morfar, Kristen Kristensen som var distriktlege i kommunen og budde i bygda, oppdaga han steinalderbuplassen Geitalemen.
Somrane hos farfar
I dag er det Leiv Kristen og Kirsti som bur i Sydneshuset. Så lenge farfar levde hadde Leif somrane hos farfar i Førde. Han skildrar han som ein jovial, men bestemt mann.
– Farfar gav oss arbeidsoppgåver og tydelege instruksar. Når han først hadde sagt kva som skulle gjerast, så var han bestemt på det. Tunet skulle vera fritt for ugras, og skvalderkålen skulle vekk. Me plukka stein til grusvegen som går ned til vågen, og me hesja og arbeidde i skogen.
– Me lærte også å ro og fiska, men frå laurdag klokka fem om ettermiddagen til måndag klokka eitt om morgonen skulle ingen reiskapar i sjøen. Då skulle fisken få fred. Eg fiskar framleis ikkje på søndagar, fortel Leiv.
– Farfar var kjend som talar, for stykkje han skreiv om bygdene i Sunnhordland i ymse aviser og for foredrag han heldt om alt frå historiske emne til fruktdyrking, seier Leiv.
– Og Leiv er akkurat som farfaren sin når det gjeld skriving og talar, legg kona Kirsti til.
Søndag 5. juli vil Leiv fortelja historiar frå farfaren sitt liv under kyrkjekaffien.
Unik oppleving
– Bygdagudstenesta med kyrkjekaffi i signalhus i bygda er ein idé av Mariann Hovda, og i år er det fjerde gong me gjer det. I fjor var det Ottesen Bakeri som husa kyrkjekaffien, og tidlegare har me vore i lensmannsgarden og hytta til Åsta og Theodor Hovda, fortel Arild Steinsland.
Den tidlegare soknepresten i Sveio er no prost i Sunnhordland. Han har eit stort engasjement for bygdagudstenesta, og ventar minst 150 deltakarar.
– Folk bør koma litt tidlegare enn vanleg, for alt klokka 10.45 vert det korpsmusikk frå kyrkjetårnet, seier Steinsland.
Gudstenesta har ei uvanleg brei deltaking av prestar og musikarar. Helge Risa medverkar på keyboard, Ole Jens Hovda spelar sologitar og Sigbjørn Apeland er organist. I tillegg skal Førdesongen syngjast, der Gunvor Steinsland har laga arrangement for korps, som blir leia av Ole Jacob Ottesen.
På prestesida deltek Ole Jens Hovda, Arild Steinsland, Torstein Lalim og Ingvild Lalim Halseid, alle med kvar sine ansvarsoppgåver gjennom gudstenesta.