nyhende
El Niño: Vinteren kan bli tørrare og kaldare enn normalt på Vestlandet
Vêrfenomenet El Niño i Stillehavet, som gir høge temperaturar i store delar av verda, kan føre til at vi får ein tørr og kald vinter på Vestlandet. Men det kan også slå motsett veg.
Førsteamanuensis Lea Svendsen er forskar ved Universitetet i Bergen og Bjerknessenteret for klimaforsking. Ho fortel at El Niño, som i år ser ut til å bli sterkare enn nokon gong sidan målingane starta på 1950-talet, vil få enorm påverknad på vêret globalt. Men truleg ikkje så mykje i Skandinavia.
– Tvert imot vil vi mest sannsynleg få færre orkanar enn normalt i Atlanterhavet denne vinteren. Og orkanar der merkar vi ein god del til hos oss. Det er ein viss sjanse for at vi får ein vinter som er kaldare og tørrare enn normalt, seier klimaforskar til Nynorsk pressekontor.
Men det kan også slå andre vegen. Nokre studiar viser at dersom El Niño blir ekstra sterk i tropiske strøk, så kan det faktisk føre til mildare vêr og kraftig vind også i vår del av verda. Spesielt mot slutten av vinteren. Så mykje er framleis uvisst om korleis vêret i Stillehavet vil påverke den vestlandske vinteren.
Endring i nedbørsmønsteret
Svendsen fortel at vêrfenomenet i Stillehavet alt no er kraftigare enn normalt, og at vinden vil bli sterkare og temperaturen høgare utover vinteren. Havet blir stadig varmare fram til desember og januar, og det igjen fører til høgare temperaturar i lufta og kraftige stormar i Stillehavet. Alt tyder på at El Niño fører til store endringar i det globale nedbørsmønsteret.
– Dette kan igjen gi konsekvensar for matvarer vi importerer. Område som er viktige for til dømes kaffi- og kakaoproduksjon, kan bli sterkt råka. Det kan gi dårlege avlingar og dermed høgare prisar, forklarar Lea Svendsen.
I land som India, Indonesia og Australia er det venta at vêrfenomenet vil gi mindre regn enn vanleg, medan land som grensar til Stillehavet i Sør-Amerika, truleg får meir regn enn normalt. I dei sørlege og vestlege delane av USA blir det truleg våtare under El Niño, medan det blir varmare nord i USA.
Den britiske avisa The Guardian siterer FNs matvareprogram (FAO) på at dei globale matvareprisane no er på sitt høgste nivå sidan 2022. Og at analysebyrå meiner at vêrfenomenet kan gi ein prisauke på mellom 10 prosent og 50 prosent på viktige råvarer.
Gammalt fenomen
El Niño er langt frå noko nytt fenomen. Det finst informasjon om desse endringane i vêret heilt tilbake til 1500-talet. Det var fiskarar i havområdet utanfor Peru som sette ord på det som skjedde. Varmare hav gav dårlegare fangst.
Fenomenet er normalt på sitt sterkaste rundt juletider, og fiskarane gav det namnet El Niño, som betyr den vesle guten, etter Jesusbarnet.
- Rekonstruksjon av klimadata tyder på at El Niño var ein realitet alt for 100.000 år sidan. Så det er ein heilt naturleg del av klimasystemet vårt, seier ho.
Normalt oppstår El Niño kvart tredje til sjuande år og varer i ni til 12 månader. Motsatsen til El Niño er La Niña (Den vesle jenta). Ved El Niño blir sjøen varmare i austlege eller sentrale delar av Stillehavet, medan La Niña gjer at vatnet blir kaldare enn normalt i aust.
La Niña kjem ofte, men ikkje alltid, etter ein El Niño-periode. Denne har ein tendens til å vare lenger, i nokre tilfelle i to til tre år.
Utydelege prognosar for Atlanterhavet
Lea Svendsen forklarar at det er langt lettare å spå, eller predikere som ho seier, vêret i Stillehavsområdet enn i områda rundt Atlanterhavet. I Stillehavet er det sterkare samhandling mellom havet og atmosfæren, medan det i Atlanterhavet, og spesielt i våre område, er meir kaotisk.
Sommaren vi no har lagt bak oss har vore kald både i lufta og i sjøen på Vestlandet. Dette skjer medan temperaturen i Atlanterhavet, også i havområda rundt oss, har vore høgare enn normalt.
Lea Svendsen meiner det kan forklarast med at det har vore mykje nordavind, noko som gjer at temperaturane har vore meir normale for årstida i år enn til dømes i fjor. Då var det svært høge temperaturar både i sjøen og på land både på Vestlandet og nordover i landet.
– Kraftigaste nokon gong
Klimaforskaren Rasmus Benestad ved Meteorologisk institutt sa i eit intervju med NRK tidlegare denne månaden at El Niño kan sjå ut til å bli den kraftigaste nokon gong, og at han kjem til å sprengje skalaen. Han meiner det er tre årsaker som gjer at El Niño i år er noko heilt utanom det vanlege.
Det gjeld intensiteten. Det skjer når ein del av Stillehavet er minst 0,5 grad varmare enn normalt. Prognosar framover viser ein auke på 3–4 grader. Han peikar også på at temperaturauken starta å stige uvanleg tidleg før sommaren. Samstundes har han bite seg merke i at den nye El Niño kjem kort tid etter den førre, som var i 2023–2024.
Mange har brukt uttrykket Super El Niño, men dette er ikkje ein del av sjargongen forskarane nyttar.