nyhende
Elbilferie: – Ingen grunn til ladeangst
Mange planlegg elbilferie denne sommaren. Her i landet er det gode lademoglegheiter nesten over alt, men Elbilforeininga oppmodar likevel bilistane til å ta nokre forholdsreglar.
– Vi har eit svært godt utbygd hurtigladenettverk i heile landet med om lag 10.800 hurtigladarar totalt. Det er så god dekning at sommarstid treng ein ikkje uroe seg for lading. Nokre få strekningar har litt langt mellom ladarane, men med litt planlegging går det fint, seier leiar for kommunikasjon og samfunnskontakt, Unni Berge, i Norsk elbilforening til Nynorsk pressekontor.
Ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB) var det registrert totalt 945.182 elbilar i Noreg i fjor. Dette svarer til ein auke på 19,8 prosent frå året før, og elbilar utgjer no 32,2 prosent av heile personbilparken vår.
– Det kan bli ladekø på dei travlaste utfartsdagane. Men situasjonen er betre enn på lenge, og hurtigladestasjonane har ofte mange ladarar slik at køane går unna, seier Berge.
Få elektriske bubilar
Trass i at talet på elbilar aukar kraftig, er det framleis få elektriske bubilar på vegane. Norges Caravanbransjeforbund (NCB), som er ein organisasjon for forhandlarar, importørar og produsentar av bubilar, meiner det har ei enkel forklaring.
– Vi veit at veldig mange av dei som kjøper bubil er interesserte i komfort og god plass. Førebels kan ikkje elektriske bubilar levere den standarden, seier generalsekretær Geir Holm i NCB til Nynorsk pressekontor.
Det gjer at norske bubilforhandlarar heller ikkje tek inn elbilar.
– Det er ikkje etterspurt i den norske marknaden.
Holm trur heller ikkje nødvendigvis at vi vil sjå ein boom av elektriske bubilar dei kommande åra.
– Sjølv om teknologien stadig blir betre, så er det nok eit stykke fram i tid, seier han.
Elbil med campingvogn
Når talet på elbilar i bilparken går opp er det òg rimeleg å anslå at fleire køyrer elbil med campingvogn. Elbilforeningen peikar på at det ikkje er noko problem å trekke campingvogn med elbil.
– Har du ein elbil med god basisrekkevidde og som ladar raskt, er det ikkje noko problem å bruke den til å trekke tungt, sa Ståle Frydenlund i Elbilforeningen i ei pressemelding i fjor sommar.
Geir Holm trur derimot at fleire kan vegre seg for å leggje ut på tur med campingvogna bak på elbilen.
– Salet av campingvogner har gradvis gått nedover dei siste åra. Høgare renter og dårlegare kjøpekraft er nok hovudgrunnen, men eg ser ikkje vekk frå at også skepsisen til om elbilane er gode nok til å dra vogna er ein medverkande årsak, seier han.
Førebuing
For å vere best mogleg førebudd til ferie i elbil i sommar har Unni Berge i Elbilforeningen nokre klare tips.
– Før ferien kan det vere greitt å planleggje korleis du skal betale for lading. Det er framleis mange hurtigladarar utan støtte for kortbetaling, og det går faktisk raskast og enklast å betale med ladebrikke. Hugs då å registrere bankkort før du reiser, seier ho.
Eit anna tips frå foreiningsleiaren er å nytte tida godt.
– Det er lurt å lade når du kan, heller enn å vent til du må. Og ta med ladekabelen slik at du også kan lade på overnattingsstader. Og hugs at det er mogleg å spørje andre elbilistar om hjelp, seier Berge.