nyhende
Er klare for VM-kamp både i Buavåg og Førde
VM-feberen herjar i by og bygd, og i Buavåg og Førde slår dei til med VM-arrangement når Noreg møter Frankrike fredag.
Begge stadar borgar det for ein minnerik kveld i lag med andre uansett korleis kampen endar.
På Gullsjøhuset startar dei oppvarminga med quiz for lag, og er du svolten kan du få kjøpt deg fiskesuppe til middag. Det blir også servert suppe under kampen. Planen er at quizen skal vera ferdig i god tid før kampstart. Då blir det storskjerm og høg VM-faktor.
– Ta gjerne med deg flagg, eller ta på deg fotballtrøye, så får me opp stemninga. Vil du berre vera med på quiz eller berre sjå kampen, er det fullt mogeleg. Men det er viktig at du melder seg på og skriv kva du vil delta på slik at me får reservert plass og laga nok suppe, seier Aud M. Strømmen, leiar i Sveio Gullforening.
VM-kveld for små og store
I Førde inviterer Førde ungdomslag til VM-kveld for både barn og vaksne i Førde tinghus. Der blir det servert pizza, brus og knask. Dørene opnar ein halvtime før kampen startar, og også her må du melda deg på.
– Me brukar å ha denne typen arrangement på Førde samfunnshus med plass til ganske mange. Men der er det bryllaup i helga, og me måtte finna eit alternativ. Dermed er det plass til færre, og me må ha påmelding. Uansett blir det kjekt å samla små og store til VM-kveld. Ta gjerne med flagg og trøyer slik at det blir skikkeleg VM-stemning, seier Vibeke Helgesen.
Send oss bilde frå VM-kvelden
Folk kjem heilt sikkert til å samla seg fleire plassar enn dette, og Vestavind vil laga eit VM-feber-album med lesarane sine bilde.
Slik gjer du det:
Send bildet eller bilda til tips@vestavind.no
Merk dei med VM-feber.
Hugs namn på fotograf og kvar bildet er tatt.
Skriv gjerne namn på dei som er på bildet frå venstre mot høgre, og hugs at du må spørja dei som er med på bildet om det er greit for dei at du sender inn.