nyhende
Færre trekkande sporvefuglar dei siste 30 åra
Det er registrert færre trekkande lauvsongarar, bokfinkar og 31 andre sporvefuglar i Noreg sidan 1996. Samtidig er det blitt fleire fuglar som grågås og trane.
På oppdrag frå Miljødirektoratet har Birdlife Noreg samla resultat frå overvakinga av trekkfuglar ved Jomfruland og Lista fuglestasjonar. Teljinga skildrar utviklinga i trekket for 244 fugleartar gjennom 30 år. Resultata byggjer på ringmerking og systematiske observasjonar av trekkfuglar når dei flyg forbi fuglestasjonane på veg til og frå vinterområda sine i sør.
– Langvarig overvaking gir oss viktig kunnskap om korleis fuglebestandane endrar seg. Sjølv om fleire sentrale artar har hatt ei positiv utvikling, er nedgangen for andre artar urovekkjande, seier Hilde Singsaas, direktør for Miljødirektoratet, i ei pressemelding.
Sporvefuglane skil seg ut blant artane med størst nedgang. Denne gruppa utgjer heile 57 prosent av artane i nedgang. Frå 1996–2025 hadde 33 artar ein statistisk sikker nedgang på 41 prosent. Sporvefuglane utgjer 39 prosent av artane som er analyserte, og er derfor klart overrepresentert blant artane i tilbakegang.
Trekkfuglane grågås, kortnebbgås, trane og fiskeørn er blant artane som aukar. Fleire forhold kan ha bidrege til utviklinga. Artane dreg nytte av eit varmare klima, god tilgang på mat og endringar i jordbruket. Dei spreier seg også nordover. For nokre artar har redusert jakt og forfølging hatt noko å seie. Det gjeld mellom anna havørn.