nyhende

Fekk førarkortet beslaglagt etter kollisjon

Onsdag kveld kolliderte to bilar på Halseidvegen. Det var store materielle skadar på bilane, og tre personar blei sendt til helsesjekk.

Publisert

Politiet fekk klokka 19.38 onsdag melding om at to bilar var involvert i ei trafikkulykke. Det var ikkje meldt om alvorleg personskade, men store materielle skadar på bilane. 

Skjedde i 60-sone

Kort tid etter oppdaterte politiet med at dei involverte i ulykka var ut av bilane og oppe og gjekk. Vegen var sperra, men det var lite trafikk på staden.

Mesteparten av Halseidvegen ligg i Haugesund, men eit lite stykke ligg heilt sør i Sveio. Det var i 60-sone på dette strekket ulykka skjedde.

Føraren som er mistenkt for å ha forårsaka ulykka, ein mann i 50-åra, blei avhøyrt av politiet på staden. Etter avhøyr blei han køyrt til akuttmottaket i Haugesund for ein helsesjekk.

Kom over i motgåande køyrefelt

Han har erkjent å ha vore uoppmerksam, og delar av bilen har kome over i motgåande køyrefelt. Han blåste til 0 i alkometeret. Førarkortet hans blei beslaglagt, og sak er oppretta. Førar og passasjer – to unge menn – i bilen som blei påkøyrt blei tatt med til legevakta for sjekk. Dei framstod uskadde, opplyser operasjonsleiar Olaug Bjørnsen ved Sør-Vest politidistrikt.

Rundt klokka 21.00 blei bilane henta av bilbergar, og politiet avslutta på staden. Det var skade på autovernet på ulykkesstaden, og entreprenør blei varsla.

Powered by Labrador CMS