nyhende

I samband med utviding av fibernettet i Sveio kommune, er det litt graving i sentrum denne veka. Geir Flatnes AS står for gravearbeidet.

Fiber til folket stenger inn­­gangen til Vestavind

Fredag starta arbeidet med å gi fleire i Sveio tilgang til fiber. Det medfører at du må ta omvegar for å koma til Vestavind nokre dagar.

Publisert Sist oppdatert

Gravinga begynte nemleg ved grusgangen opp til Vestavind. Der er det no sperra av, og dei neste dagane må du enten bruka trappa på sørsida av bygget, eller gå via grasbakken nedanfor trafokiosken ved kommunehuset.

– Me reknar med at arbeidet vil vera ferdig i løpet av eit par dagar, seier Svein Magne Krokå måndag føremiddag.

Han jobbar i Løvvik Aero Telecom AS og er prosjektleiar for fiberutbygginga i Sveio.

Del av større prosjekt

Det er Telenor som sørger for fiber til folket på oppdrag frå Vestland fylkeskommune. Løvvik Aero Telecom AS er underentreprenør, og har hyra Geir Flatnes AS til å stå for delar av gravearbeidet.

– Arbeidet i Sveio sentrum er ein del av eit større prosjekt der det skal leggast fiber til Nordskog, Lauvås, Grimstveit og Lier. Håvardsholm og Tittelsnes blir dei neste områda. Heile prosjektet skal vera ferdig utpå hausten, fortel Krokå.

Powered by Labrador CMS