nyhende

Det nye helsesenteret i Sveio sentrum har kome eitt steg nærare

Fire entreprenørar konkurrerer om nytt helsesenter

Planane om eit nytt helsesenter i Sveio sentrum har kome eit steg vidare. Då fristen for å søkje om deltaking gjekk ut 19. august, hadde kommunen fått fire kvalifikasjonssøknader. Tre av selskapa opererer i hovudsak regionalt, medan eitt er landsdekkjande.

Publisert

Dei fire leverandørane er no valde ut til neste steg i konkurransen.

Einingsleiar for drift og anlegg, Frederik Flood, seier at anskaffinga blir gjennomført som ein konkurranse med forhandlingar i to trinn. Det første trinnet var ei prekvalifisering, der kommunen vurderte om leverandørane hadde den økonomiske, faglege og tekniske kapasiteten som krevst for å gjennomføre prosjektet.

Må væra robuste

I neste trinn skal leverandørane utarbeide fullstendige løysingsforslag, med teikningar og pris på eit nytt helsesenter.

Konkurransegrunnlaget stiller mellom anna krav om ei årleg omsetning på minst 150 millionar kroner, eksklusive meirverdiavgift. Leverandørane må også ha kredittrating A.

Flood seier at det økonomiske kravet skal redusere risikoen i eit stort og krevjande byggjeprosjekt.

Einingsleiar for drift og anlegg i Sveio kommune, Frederik Aalo Flood.

– Dette skal sikre tilstrekkeleg robustheit og at selskapa har den naudsynte gjennomføringsevna.

 Dei fire leverandørane har frist til 28. oktober med å levere tilbod og løysingsforslag. Ifølgje Flood skal tilboda vurderast etter ein modell der kvalitet blir prissett, i staden for den tradisjonelle metoden med poengsetting.

 – Forenkla kan ein seie at pris tel om lag 40 prosent, medan kvalitet og miljø tel 30 prosent kvar, seier han.

 111,5 millionar kroner

Etter tilbodsfristen skal kommunen etter planen gå inn i forhandlingar med leverandørane. Leverandørane skal då få høve til å forbetre tilboda sine.

– Målet er å vere ferdige med heile prosessen og klare til å skrive kontrakt med ein av leverandørane i desember, seier Flood.

Les òg:

I Doffin-kunngjeringa er den anslåtte verdien av totalentreprisen oppgitt til 75,3 millionar kroner, eksklusive meirverdiavgift. Den samla økonomiske ramma for heile prosjektet er 111,5 millionar kroner, inkludert meirverdiavgift.

Parallelt med konkurransen om sjølve helsesenteret er det lyst ut ein eigen entreprisekontrakt for opparbeiding av infrastrukturen i området. Rådmann Jostein Førre opplyser at dette mellom anna omfattar tilkomst, parkering, straum, vatn og avløp, fortau og grøntareal.

 1600 kvadratmeter med helse

Det nye helsesenteret skal byggjast på kommunen si tomt sør for Sveio kyrkje. Bygget skal vere på om lag 1 600 kvadratmeter og romme legekontor, helsestasjon, tenester for barn og familiar og tannklinikk.

Målet er å starte bygginga tidleg i 2027. Dersom framdrifta held, skal helsesenteret etter planen stå ferdig i 2028.

Rådmann i Sveio kommune, Jostein Førre.

Rådmann Jostein Førre omtalar helsesenteret som ei av dei største kommunale investeringane dei siste åra.

– Prosjektet er svært viktig for kommunen. Når helsesenteret står klart, får me samla fleire av kommunen sine helsetenester og legekontor under eitt tak. Det meiner me vil gjere tenestene meir attraktive og robuste, seier Førre. 

Samlar legane

Ein vil mellom anna samle dei to kommunale legekontora i eitt felles fagmiljø. I dag har kommunen to legekontor med to legar ved kvart kontor. Legane har i tillegg kommunale legeoppgåver utanom den ordinære fastlegeverksemda, noko som kan gjere drifta sårbar ved fråvær, permisjonar og andre oppgåver som tek legane ut av kontoret.

– Ved å samle legekontora vil me få eit større og meir robust fagmiljø, der det blir lettare å samarbeide, dele på oppgåver og sikre kontinuitet i tenestene. 

Førre forklarar at det vil gi betre moglegheiter for å utnytte personell og andre ressursar på tvers, og redusere sårbarheita når ein lege eller andre tilsette er fråverande.

– Målet er å skape ei meir robust og framtidsretta fastlegeteneste, samtidig som me tek vare på dei kommunale legeoppgåvene og sikrar innbyggjarane gode og stabile helsetenester.

Powered by Labrador CMS