nyhende
Fiskeoppdrett må minske produksjonen
Åtte av 13 produksjonsområde i landet for lakse- og aureoppdrett får grønt lys og kan auke produksjonen. To område blir rekna som raude og må redusere.
Dei åtte grøne områda får auke produksjonen med inntil 6 prosent, medan dei to raude områda må redusere kapasiteten med 6 prosent.
Raudt for andre gong
Dei raude områda er produksjonsområde 3 Karmøy til Sotra, og produksjonsområde 4 Nordhordland til Stad. Også i 2020 vart produksjonsområde 4 pålagd å minke produksjonskapasiteten.
25 oppdrettsbedrifter i dette området gjekk til søksmål mot Nærings- og fiskeridepartementet etter den førre vurderinga. Dei tapte nyleg i Sunnfjord tingrett. Oppdrettarane gjekk til sak fordi dei meinte at departementet ikkje hadde fagleg grunnlag for avgjerda si.
Dei resterande tre områda får gult lys i trafikklysmodellen for produksjonsområde for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure. Her skjer det ingen endringar i produksjonskapasiteten.
Ulik vurdering
Fiskeriminister Skjæran har fastsett kva fargar dei ulike områda skal ha. Vurderingane er basert på faglege vurderingar av korleis lakselus påverka villaks for åra 2020 og 2021.
I områda der ekspertane har gitt lik påverknad begge år, følgjer utfallet av fargelegginga vurderinga til ekspertane.
For tre av områda var vurderinga til ekspertane ulik i 2020 og 2021. Dette gjeld Ryfylke (PO2), Nordhordland til Stad (PO4) og Stad til Hustadvika (PO5). Her er det gjort grundigare vurderingar av den samla tilstanden.
– I desse områda har eg lagt størst vekt på tilstanden til vill laksefisk og påverknaden av lakselus på villaksen over tid, seier Skjæran.
(©NPK)