nyhende

Geirangerfjorden er spektakulær, men også populær.

Fleire ferierer i Noreg: – Styr unna turistmagnetane

Stadig fleire utanlandske turistar legg ferien til Noreg. Samstundes vil fleire nordmenn feriere i eige land. – Styr unna dei store turistmagnetane i sommar, rår reiselivsekspert.

Publisert

– Det er gjort altfor lite frå i fjor til i år for å dempe presset på dei mest populære turiststadene. Nokre lokale tiltak på parkering og camping er innført, men det er framleis grunn til å frykte nye konfliktar mellom turistar, lokalbefolkning og reiselivsnæring denne sommaren, seier reiselivsjournalist Odd Roar Lange, som òg er kjent som The Travel Inspector, til Nynorsk pressekontor (NPK).

Stor belastning

Tal frå SSB syner at nordmenn i åra etter koronapandemien har halde fram med å feriere i eige land. Samstundes vel stadig fleire utanlandske turistar å legge ferieturen hit til oss i nord. Særleg har interessa for såkalla nordlysturisme eksplodert. Noko som har ført til frustrasjon i dei nordlegaste fylka våre. Ifølgje Lange er det ikkje berre i nord vi kan rekne med konfliktar mellom turistar og frustrerte fastbuande i sommar.

Flåm i Aurland er eit ettertrakta turistmål for mange utanlandske turistar.

– Styringa av turismen fleire stader har svikta. Reiselivet tener godt, men mange lokalsamfunn opplever at belastninga er blitt for stor. Fleire besøker Nord-Noreg, men det har ikkje nødvendigvis redusert presset andre stadar.

Administrerande direktør Kristin Krohn Devold i NHO Reiseliv meiner den auka interessa for Nord-Noreg og kan gi ringverknader i andre delar av landet.

– Auka interesse for Nord-Noreg kan bidra til å styrke heile Noreg som reisemål. Vestlandet, fjordane, byane, fjellområda og kysten elles er framleis sterke internasjonale reisemål, seier Devold til NPK.

– Manglar infrastruktur

Odd Roar Lange peikar på infrastrukturen som eit problem.

– Mindre reisemål slit med kapasitet på både vegar, parkering og overnatting. Mange stadar er samarbeidet mellom reiseliv og lokale styresmakter framleis for dårleg, og då er det lokalbefolkninga som må ta belastninga, seier reiselivseksperten.

Odd Roar Lange rår nordmenn som skal feriere i eige land til å unngå dei største turistmåla.

NHO Reiseliv og Devold meiner mange reisemål framleis er godt rusta til å ta imot mange turistar, trass i at ein vil sjå press nokre stadar i sommar.

– Mange norske reisemål har både kapasitet og ønske om å ta imot fleire gjester. Utfordringa er at trafikken ikkje alltid fordeler seg jamt. Nokre stadar får stort press i korte periodar, medan andre har ledig kapasitet. Då må ein jobbe smartare med trafikk, informasjon, tilrettelegging og spreiing av besøk gjennom året. Det handlar om å sørge for at veksten gir gode opplevingar for gjestene, verdiskaping lokalt og minst mogleg belastning for innbyggarane, seier Devold.     

Finn alternativ

For deg som er i gang med å planleggje noregsferien i sommar har Odd Roar Lange nokre klare tips.

– Styr unna destinasjonane på topplistene. Vel mindre kjende alternativ i same region. Reis til dømes til Hjørundfjorden i staden for Geiranger, Helgeland framfor Lofoten eller Østfold framfor Oslo. Noreg har framleis mange fantastiske reisemål der ein slepp kø, kaos og overfylte parkeringsplassar, seier han.

NPK har òg prøvd å få kommentarar frå destinasjonsselskapa Visit Sognefjord og Visit Northwest, i samband med denne saka, utan å lukkast.

Viss du vil unngå kø bør du ikkje reise til Geiranger i sommar, rår reiselivsekspert.
Powered by Labrador CMS