nyhende

Halloween er populært blant dei unge, men mange eldre er negative til tradisjonen. Berre fem prosent av dei over 60 år skal markere halloween i år, viser ei ny undersøking frå Opinion.

Fleire negative enn positive til hallo­ween her i landet

Éin av fire nordmenn skal markere halloween i år, medan fleire er negative enn positive til tradisjonen. Det viser ei ny undersøking frå Opinion.

Publisert

- Halloween fekk ikkje fotfeste i Noreg før rundt tusenårsskiftet. For dei yngste har halloween vore ein del av oppveksten og er naturleg å markere, og blir ikkje opplevd som noko nytt eller noko me har importert, seier John Lauring Pedersen, administrerande direktør i Opinion, i ei pressemelding.

Blant ungdom mellom 15 og 19 år skal 58 prosent feire halloween. Til samanlikning planlegg berre fem prosent av dei over 60 år å markere dagen. Samtidig meiner 68 prosent av dei yngste at halloween er ein hyggjeleg tradisjon, mot berre 11 prosent blant dei eldste.

På landsbasis meiner 41 prosent at halloween ikkje bør feirast i Noreg, medan 34 prosent synest det er ein hyggjeleg tradisjon.

Den vanlegaste markeringa er å kjøpe godteri til barn som kjem på døra. Halloweenfest, pynting og utkledning er òg populært, særleg blant dei yngre.

Powered by Labrador CMS